Ida Alstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ida Alstad
Fødd 13. juni 1985
Trondheim
Yrke handballspelar

Ida Alstad (fødd 13. juni 1985) er ein norsk handballspelar frå Trondheim, som i alle sine år som aktiv har spela for Byåsen Idrettslag. Ho har i perioden 2009-12 vunne VM-gull og -bronse, EM-gull og i 2012 OL-gull. Alstad er vanlegvis venstre rykkrom-spelar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Alstad var med på Byåsen sitt lag som i 2007 tapte finalane i den europeiske cupvinnarcupen mot Oltchim Valcea frå Romania, etter 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela ho på lag med Tonje Nøstvold, Gøril Snorroeggen, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Camilla Herrem og Kari Aalvik Grimsbø.

Alstad debuterte på Noregs landslag 23. september 2009 mot Ungarn. Ho var med i alle meisterskapstroppene til Noreg i perioden 2009-12. I sin meisterskapsdebut i 2009 vann ho bronsemedalje i VM etter norsk siger 31-24 over Spania, medan ho i 2010 vart europameister og 2011 verdsmeister, etter sigrar over høvesvis Sverige og Frankrike.

Under OL 2012 i London spela ho ein god kamp i finalen då Noreg vart olympisk meister etter siger 26-23 over Montenegro.

Til august 2012 har Alstad spela 76 landskampar og skåra 183 mål for Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]