Camilla Herrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Camilla Herrem
Camilla Herrem.jpg
Fødd 8. oktober 1986
Stavanger kommune
Yrke handballspelar
Camilla Herrem på Commons
Camilla Herrem i norsk landsdlagsdrakt i 2015

Camilla Herrem (fødd 8. oktober 1986) er ein norsk handballspelar som spelte på Byåsen i tida 2006-14. Ho har vunne fire EM-gull, to VM-gull og eitt OL-gull med Noreg i åra 2008-16. Herrem er venstrekant-spelar. Perioden 2006-18 deltok ho i 228 landskampar for Noreg og skåra 616 mål.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Herrem spela for toppserieklubben Sola HK frå 2001 til desember 2005. Sidan januar 2006 har ho spela på Byåsen, eitt av dei aller beste klubblaga i norsk kvinnehandball i perioden. I 2007 var ho med då Byåsen tapte finalane i den europeiske cupvinnarcupen mot Oltchim Valcea frå Romania, etter 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela ho på lag med Tonje Nøstvold, Gøril Snorroeggen, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Ida Alstad og Kari Aalvik Grimsbø.

Herrem debuterte på det norske landslaget 5. april 2006 mot Sverige og skåra tre mål. Ho var aktuell for meisterskapstroppa til både VM i handball 2007 og til sommar-OL 2008 i Kina, men kom ikkje med i korkje. EM i handball 2008 i Makedonia i desember vart hennar meisterskapsdebut. Herrem skåra eitt mål i finalekampen mellom Noreg og Spania, ein kamp som enda med at Noreg vart europameister etter 34-21-siger. Under VM i handball 2009, der Noreg tok bronsen, vart Herrem teken ut på «allstar»-laget som beste venstreving. Både i 2010 og 2011 var ho med på norske meisterskapstriumfar. I 2010 vart Noreg europameistrar etter finalesiger over Sverige, og året etter vann Noreg VM-finalen i Sao Paulo med 32-24 over Frankrike.

Under OL 2012 i London var Herrem med å vinne OL-gull, då Noreg vann 26-23 over Montenegro i finalen.

Camilla Herrem i 2016

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2008: Gull
  • VM 2009: Bronse
  • EM 2010: Gull
  • VM 2011: Gull
  • OL 2012: Gullmedalje
  • EM 2012: Sølvmedalje etter 31-34 mot Montenegro
  • VM 2013: Nr 5 med Noreg
  • EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 mot Spania
  • VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 mot Nederland
  • Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 mot Nederland
  • EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
  • Handball-VM 2017: Sølvmedalje etter 21-23 mot Frankrike
  • Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [1] Norges Håndballforbund

Kjelder[endre | endre wikiteksten]