Hanover Parish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hanover
fylke
"Lucea and Dolphin Head, Jamaica", early 20th century (imp-cswc-GB-237-CSWC47-LS12-020).jpg
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Region Cornwall
Hovudstad Lucea
Areal 450,4 km²
Folketal 69 533 (2011[1])
Hanover in Jamaica.svg
Wikimedia Commons: Hanover Parish

Hanover Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordvest på øya. Det grensar til Saint James i aust og Westmoreland i sør, og har kyst mot Det karibiske havet i nord og vest. Fylket er det nest minste i landet (etter Kingston Parish) med eit areal på 450 km². Det hadde 69 533 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011.[1]

Administrasjonssenteret i Hanover Parish er byen Lucea. Byen har ei god naturleg hamn som kan ta imot store skip.[2] Ei mindre hamn er Green Island.

Fylket er fjellrikt og inneheld fleire små elvar. Det høgaste punktet er Dolphin's Head, som også er eit tradisjonelt landemerke for skip.[2]

I Hanover Parish blir det mellom anna dyrka banan, ingefær, jams, maranta (arrowroot) og sukkerrøyr, med tilhøyrande romproduksjon. Området er også kjend for godt kveg.[2]

Landsbyen Hopewell er eit viktig turistmål. Turistområdet Negril ligg delvis i Hanover Parish. Området har ellers mange andre fine strender som ikkje er særleg utvikla for turisme.[2]

Folk frå Hanover Parish[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Population & Housing Census 2011». Statistical Institute of Jamaica. 2011. Henta 30. desember 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 30. november 2017.