Jean Binta Breeze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean Binta Breeze
Jean Binta Breeze.jpg
Verkeleg namn Jean Lumsden[1]
Fødd 1956[2][3] eller 1957[4]

[5]
Hanover Parish

Yrke lyrikar, skribent
Jean Binta Breeze på Commons

Jean Binta Breeze MBE (fødd i 1956 eller 1957 som Jean Lumsden)[2] er ein jamaicansk-britisk diktar, songar og forteljar. Breeze har framført verka sine i Karibia, Nord-Amerika, Europa, Søraust-Asia og Afrika.[6] Ho har også verka som teaterdirektør, koreograf, skodespelar, lærar og mentor, og som redaktør for Critical Quarterly i London.[7]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Breeze blei fødd som Jean Lumsden i landsbyen Pattyhill i Hanover Parish nordvest på Jamaica,[3] der ho også voks opp.[8] Ho var ei av fire systrer.[9] I store delar av barndommen blei ho oppfostra av besteforeldra sine, som var gardbrukarar.[10] Faren arbeidde i byen som helseinspektør, og mora studerte for å bli sjukepleiar og jordmor.[11] Mora lærte henne ei rekkje dikt utanåt, og ho framførte dikt frå ho var liten. Som tolvåring las ho opp «If» av Kipling for ein konkurranse,[11] men sjølv har ho trekt fram framføringar av verka til den lokale diktaren Louise Bennet, «Miss Lou», som særskild inspirerande.[12] Inspirert av dikta byrja ho også å skriva sjølv, og fekk sine første to dikt utgjeve i skuleavisa som elleveåring.[13]

Jean gjekk ut frå Rusea’s High School. Ho gifta seg atten år gammal med sin tidlegare geografilærar, Brian Breese, i 1974, og paret fekk ein son saman. Dei skilde lag i 1978, men ho nytta etternamnet hans med ein endra stavemåte, Breeze, som diktar.[11] Medan ho var gift virka Breeze som lærar ved vidaregåande skular rundt heimstaden i fem år.[11] Ho var også kulturkoordinator, og arbeidde for Jamaica Cultural Development Commission.[14]

Seinare studerte Breeze ved Jamaica School of Drama i Kingston med Michael Smith og Oku Onuora.[15] Under studietida tok ho i bruk det afrikanske namnet Binta, som skal bety 'nær hjartet'.[3][16] I 1977 var ho med på å skipa teatergruppa Sistren.[14][1]

Frå 1979 til 1981 budde ho i Clarendon,[17] der ho var del av ei rastafari-gruppe som la vekt på sjølvberging og jordbruk.[11] Her fekk ho sitt andre barn, ei dotter. Seinare i livet fekk ho ei dotter til.[14] Rundt denne tida byrja teikn på ein mental sjukdom å visa seg. Ho gjekk gjennom fleire nervøse samanbrot, og fekk etterkvart behandling for schizofreni.[11]

Breeze byrja å laga eigne dikt på 1970-talet, og etterkvart også å framføra og spela dei inn.[7] Ho hadde sin første opptreden i Montego Bay i 1981 saman med dub-diktaren Mutabaruka. Fleire av songane hennar blei spelt på jamaicansk radio.[8]

Jean Binta Breeze ved litteraturfestivalen Humber Mouth i 2007.

Ho gav ut si første diktsamling, Answers, i 1983.[6] Ho vitja London tidleg i 1985 etter å ha blitt invitert av diktaren Linton Kwesi Johnson, og hadde sin første britiske opptreden ved International Book Fair of Radical Black and Third World Books[18][19] i mars det året.[20] Ho vende tilbake til London i september 1985, og underviste i teater ved Brixton College i to år. Deretter slutta ho som lærar for å kunna opptre som diktar på fulltid.[18] Ho busette seg seinare i Leicester i England.[21] Ho opprettheldt også kontakten med Jamaica, og enda opp med å bu nokre månadar om gongen i kvart land.[6][11]

Breeze gav ut diktsamlinga Ryddim Ravings i 1988 på Race Today Collective.[15] Seinare skreiv ho manus for Hallelujah Anyhow, eit samarbeid mellom British Film Institute og Channel 4.[15] Ho har også gjeve ut fleire album. Ho bidrog på Woman's Talk (1986), og spelte inn Tracks i 1991 med Dennis Bovell's Dub Band.[15]

Ho har opptredd på turnear, mellom anna med litteraturgruppa Renaissance One,[22] og ved årlege tilstellingar som Black History Month,[23] festivalar som Glastonbury,[24] Reggae Geel,[16] London Liming, Marxism Festival[25][26] og Ilkley Literature Festival,[27] og ved markeringar, som femtiårsmarkeringa for «Windrush»-seglinga frå Jamaica til Storbritannia i 1998,[23] og feiringa av syttiårsdagen til den amerikanske forfattaren Maya Angelou.[28] Ho har også samarbeidd med den afroamerikanske a cappella-gruppa Sweet Honey in the Rock.[8]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Stil[endre | endre wikiteksten]

de simple tings of life, mi dear
de simple tings of life
she rocked the rhythms in her chair
brushed a hand across her hair
miles of travel in her stare
de simple tings of life

«simple tings »
Third World Girl (2011)[29]

Breeze byrja å dikta på same tid som dub-poesi, ei blanding av tala ord og reggae-rytmar, voks fram på Jamaica. Ho blir ofte omtalt som den første kvinna til å opptre innan sjangeren.[10] Ho har sjølv skrive om vanskane med å ta del i denne mannsdominerte sjangeren,[a] som ho opplevde som avgrensande, og har seinare utvida eller fjerna seg frå han.[30][31] Ho har brukt andre musikkformer i arbeidet sitt, som jazz, blues, mento og kaiso.[8]

Breeze har også blanda lyrikk og andre litteratursjangrar. Diktframføringane hennar er ofte ledsaga av forteljingar. På same vis blandar boka The Fifth Figure lyrikk og prosa. Boka er delt inn i seksjonar basert på den jamaicanske kvadriljedansen.[7]

Breeze diktar delvis på standard engelsk og delvis på jamaicansk patwa (patois). Dikta hennar er skrivne for framføring, ofte til jamaicansk musikk.[32]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Kvinne med bør på hovudet på Jamaica, fotografert ein gong mellom 1875 og 1940.

Breeze skriv mykje om enkeltliv og kjensler,[14] særleg om erfaringane til afrikanskætta kvinner i Jamaica og Storbritannia.[4] Ho hentar ofte bilde frå jamaicansk landsbygd og natur, og skildrar typisk arbeidarkvinner. The Fifth Figure tek for seg liva til fem generasjonar kvinner som flytter mellom Jamaica, Afrika og Europa.[7] Ho tek også opp politiske og historiske emne, som krig, undertrykking og utviklingshjelp. Ho byrja diktinga si til støtte for People’s National Party og Michael Manley sitt forsøk på å utvikla eit sosialdemokrati på Jamaica.[11] «Aid Travels With a Bomb» blei til dømes skrive då Jamaica ba om hjelp frå det internasjonale pengefondet.[11]

but occasianally
spirit tek
an a smile
wid a twinkle
in de I
does warm de heart
like summer come in May

«Seasons»
The Arrival of Brightey and Other Poems (2000)[33]

Ho har skrive fleire dikt inspirert av personar, som «On Your Passing» om aktivisten og forfattaren C.L.R. James,[34] «Song For Lara» om cricketspelaren Brian Lara,[35] «Upstream» om songaren Stevie Wonder[36] og «Seasons» om diktaren Linton Kwesi Johnson.[37]

Jean Binta Breeze har hatt schizofreni sidan tidleg i tjueåra. Eit av dei best kjende diktar hennar, «Riddym Ravings (the mad woman’s poem)», er inspirert av denne lidinga. I eit radiointervju i 2011 fortalde ho at ho berre kunne skriva når ho var frisk, og at det siste utbrotet hennar hadde redusert evne hennar til å opptre.[38]

Nokre av dikta til Breeze er inspirert av rastafarianismen, som «Tweet Tweet», som viser til Bob Marley og Zion.[39] Andre har bibelsk inspirasjon, som «Spring Cleaning»[28] og «Planted by the waters».[10] «Isaiah» blandar Bibel og rastafarianisme med den moderne Midtausten-konflikten. [25]

Breeze har også henta inspirasjon frå Chaucer og moderne engelske stader, som i «The Wife of Bath in Brixton Market»,[40] og lokal engelsk dialekt, som «Mi Duck».[13]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2003 blei Breeze tildelt eit NESTA-Fellowship over to år ved Cambridge.

Ho blei utnemnd til Honorary Creative Writing Fellow ved School of English ved University of Leicester.[41]

I 2012 blei ho utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i dronninga sine Birthday Honours for bidrag til litteraturen.[42][43]

I august 2018 blei Breeze gjeven ein Lifetime Achievement Award ved Jamaica Poetry Festival.[44][45]

Breeze har påverka diktarar som Patience Agbabi[5], Zena Edwards[46] og Jane King.[7]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Answers (1983)
  • Riddym Ravings and Other Poems (Race Today Publications, 1988) red. Mervyn Morris
  • Spring Cleaning (Virago Publishing, 1992)
  • On the Edge of an Island (Bloodaxe Books, 1997)
  • Song Lines (1997)
  • The Arrival of Brighteye and Other Poems (Bloodaxe Books, 2000)
  • The Fifth Figure (Bloodaxe Books, 2006)
  • Third World Girl: Selected Poems (Bloodaxe Books, 2011), med liveframførings-DVD
  • The Verandah Poems (Bloodaxe Books, 2016)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Riddym Ravings (1987), ROIR
  • Tracks (1991), LKJ
  • Hearsay (1994)
  • Riding on de Riddym (1997), 57 Productions
  • Eena Me Corner (2010), Arroyo Rec.

Filmmanus[endre | endre wikiteksten]

  • Hallelujah Anyhow!, vist ved British Film Festival i 1990, kringkasta på Channel 4[8]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jean Binta Breeze (1990), «Can a dub poet be a woman?», Women: A Cultural Review 1 (1) 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2,0 2,1 Sheri Elaine Metzger (2003). «Jean “Binta” Breeze 1956–». Contemporary Black Biography. Encyclopedia.com. Henta 4. mars 2013. 
  2. 3,0 3,1 3,2 Stringer, Jenny (1996), «Breeze, Jean ‘Binta’», The Oxford Companion to Twentieth-Century Literature in English, Oxford University Press 
  3. 4,0 4,1 Stringer, Jenny (2012), «Breeze, Jean Binta», i Dinah Birch; Katy Hooper, The Concise Oxford Companion to English Literature, Oxford University Press 
  4. 5,0 5,1 Stringer, Jenny (2013), «Breeze, Jean ‘Binta’», The Oxford Companion to Modern Poetry, Oxford University Press 
  5. 6,0 6,1 6,2 «Jamaican Dub Poet Conferred Order Of The British Empire», The Gleaner, 8. juli 2012 
  6. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 «Jean Binta Breeze», British Council, Literature.
  7. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Jenny Sharpe (2003)), «Dub and Difference: A Conversation with Jean "Binta" Breeze», Callaloo (The Johns Hopkins University Press) 26 (3 (Summer)): 607–613 
  8. Barbara Fister (1995), Third World Women's Literatures: A Dictionary and Guide to Materials in English, s. 42 
  9. 10,0 10,1 10,2 Jean Binta Breeze, poetryarchive.org, henta 4. oktober 2017 
  10. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 11,7 11,8 David Katz (September/October 2016), «Jean “Binta” Breeze: memories from the verandah», Caribbean Beat Magazine (141) 
  11. Jean Binta Breeze (1990), «Can a dub poet be a woman?», Women: A Cultural Review (1:1, 47-49) 
  12. 13,0 13,1 Michael Reckord (17. januar 2014), «Jean Breeze: 'Poetry Has Been My Life'», The Gleaner 
  13. 14,0 14,1 14,2 14,3 «Breeze, Jean “Binta” 1956–», Contemporary Black Biography, Encyclopedia.com, henta 21. oktober 2017 
  14. 15,0 15,1 15,2 15,3 Larkin, Colin (1998), The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, ISBN 0-7535-0242-9, s. 36.
  15. 16,0 16,1 «JEAN 'BINTA' BREEZE», REGGAE GEEL 08/2009 
  16. Jean ‘Binta’ Breeze, University of Leicester 
  17. 18,0 18,1 Michael Reckord, "Jean Breeze: 'Poetry Has Been My Life'", The Jamaica Gleaner, 17. januar 2014.
  18. Sara Taukolonga, "Making Poetry Seem Like A Breeze", The Voice, 13. august 2011.
  19. Sarah White, Roxy Harris and Sharmilla Beezmohun (red.), A Meeting of the Continents: The International Book Fair of Radical Black and Third World Books – Revisited. History, Memories, Organisation, and Programmes 1982–1995, London: New Beacon Books, 2005, p. 197.
  20. "Poet is set to share her skill", Leicester Mercury, 19. februar 2010.
  21. {{citation|title= Supported artists — Renaissance One |url=http://www.renaissanceone.co.uk/jean-binta-breeze/
  22. 23,0 23,1 «Jean 'Binta' Breeze», Lost Legends, henta 21. oktober 2017 
  23. «Glastonbury 2010: the lineup in full», Guardian, 14. april 2010 
  24. 25,0 25,1 Kelly Hilditch (9. juli 2005), Jean Binta Breeze — ‘I translated Isaiah into a Rastaman preaching’ (1959) 
  25. «Marxism 2006 festival of resistance this week», Socialist Worker (2008), 8. juli 2006 
  26. «Best literature festivals in the North: Autumn 2016», The Skinny 
  27. 28,0 28,1 Henry (5. mars 1999), «The NI Interview - Jean 'Binta' Breeze», New Internationalist (310) 
  28. «Jean ‘Binta’ Breeze performs her celebrated poem ‘Simple Tings’». The Forum. BBC. 
  29. Narain 2004, s. 110.
  30. Lorna Sage; Germaine Greer; Elaine Showalter, red. (1999), The Cambridge Guide to Women's Writing in English, Cambridge University Press, s. 86 
  31. Bernardine Evaristo (11. august 2011), Third World Girl, By Jean "Binta" Breeze (Review) 
  32. Diane Davies (2014), «5.2.1», Varieties of Modern English: An Introduction, Routledge 
  33. EPISODES / GLOBAL EMPIRE. S3E49. A TRIBUTE TO CLR JAMES 
  34. Andy Bull (21. august 2017), «West Indies players and fans alike left out in the cold and horribly exposed», The Guardian 
  35. Jean Binta Breeze, Upstream, poetryarchive.org 
  36. Maya Jaggi (4. mai 2002), «Poet on the front line», The Guardian 
  37. Elisabeth Mahoney, «Radio review: Out of the Vortex», The Guardian, 8. februar 2011.
  38. Carol Rumens (3. april 2017), «Poem of the week: Tweet Tweet by Jean ‘Binta’ Breeze», Guardian 
  39. «Teaching the Wife of Bath through Adaptation», Global Chaucers, henta 10. oktober 2017 
  40. Honorary Creative Writing Fellows, School of English, University of Leicester.
  41. «Supplement No. 1», London Gazette (60173): 14, 16. juni 2012 
  42. Queen's birthday honour's list 2012: MBE, The Guardian, 16 juni 2012.
  43. Basil Walters, «Lifetime Award for Jean 'Binta' Breeze», Jamaica Observer, henta 14. april 2019 
  44. «Jamaica Poetry Fest a night of fun, depth and blackness», jamaica-gleaner.com (på engelsk), 21. august 2018, henta 14. april 2019 
  45. Tempest, Kate (2. september 2018). «Seven questions for seven poets». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
Bibliografi
  • Narain, Denise DeCaires (2004), Contemporary Caribbean Women's Poetry: Making Style, Psychology Press 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Dikt og framføringar