Hans Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. oktober 1844
Drammen kommune
Død

9. september 1919 (74 år)
Oslo kommune

Yrke politikar, kjøpmann
Hans Hansen på Commons

Hans Hansen (23. oktober 184415. september 1919) var ein handelsmann/grosserar og stortingsmann frå Drammen.

Hansen var son til ein kjøpmann i Drammen. Han fekk sjølv merkantil utdanning og tok til som handelsmann i heimbyen i 1867. Frå 1885 var han medlem av bystyret, ordførar 1897-98. Ei tid var han formann for tilsynsnemndene for jarnbanene Kristiania-Drammen og Drammen-Randsfjordbanen. Frå 1901 var han styreleiar i brannforsikringsselskapet «Norge».

Som fyrste varamann til Stortinget 1895-97 møtte Hansen både i 1895 og 1897 på tampen av sesjonane, i 1895 frå 15. mai i staden for Ole Roald Rynning, og i 1897 frå 22. juli i staden for Christopher Knudsen. I dei tre valbolkane frå 1898 til 1906 var han fast representant for Drammen på Tinget. Han heldt deretter fram som stortingsrepresentant til 1915, dei tre siste valperiodane vald frå einmannskrinsen Bragernes. Hansen var frå 1898 jamt medlem av Tollkomiteen, formann i denne frå 1900. I tillegg var han medlem av meir tidsavgrensa komitear, så som spesiakomiteen om fossefalla i 1906/07.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]