Hans Tausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Tausen
Hans Tausen - Asmild Kirke.jpg
Fødd 1494
Birkende
Død

11. november 1561
Ribe

Yrke lingvist, prest, omsetjar, teolog, bibelomsetjar, komponist
Hans Tausen på Commons

Hans Tausen (149411. november 1561)[1] dansk luthersk teolog, biskop under reformasjonen i Danmark-Noreg.

Han var munk i Antvorskov kloster, studerte i Rostock frå 1516, vart prestevigd og heldt fram studia sine i København frå 1521 og i Leuven frå 1522. Tausen studerte 1523 i Wittenberg under Martin Luther og vart snart ein trugen tilhengar av reformasjonen. I 1526 opptredde han som luthersk predikant i Viborg. Fredrik I tok han under vernet sitt.

Frå 1529 verka Tausen i København. Han vart med på å utarbeide Kyrkjeordinansen i 1537.[1] I 1538 vart han «lesemeister» (lektor) i teologi ved Københavns Universitet, og i 1541 biskop i Ribe. Han satt som biskop i Ribe til han døydde og er gravlagd i Ribe domkyrkje.

Omsetjinga hans av Mosebøkene, postillen og Psalmebog er utgjeve i faksimile (1932, 1934, 1944).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Thorkild C. Lyby. «Hans Tausen». Den Store Danske (dansk). Gyldendal. Henta 20. mars 2017.