Hans Tilkowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Tilkowski
Hans Tilkowski.jpg
Fødd 12. juli 1935
Fødestad Dortmund

Hans Tilkowski (fødd 12. juli 1935) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Dortmund som i 1966 vann cupvinnarcupen med Borussia Dortmund og i VM-finalen same året vakta Vest-Tysklands mål mot England, ein kamp som enda med engelsk siger 4-2 etter ekstraomgangar. Målvakta stod 39 landskampar for Vest-Tyskland i tida 1957-67.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1955 til 1962 var Tilkowski målmann på Westfalia Herne, eit lag som spelte i Oberliga-West, ein liga Herne vann i 1958/59-sesongen. Til opninga av bundesligaen i 1963 hadde han meldt overgang til Borussia Dortmund, eitt av dei laga som hadde fått plass i den nasjonale toppserien i Vest-Tyskland. Med Borussia vann han i 1965 DFB-pokalen (cupmeisterskapen) og året etter finalen i cupvinnarcupen med 2-1 over Liverpool FC.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Tilkowski debuterte på det vesttyske landslaget 3. april 1957. Han var med i VM-troppa 1962, utan å kome i spel. Under verdsmeisterskapen i fotball 1966 i England vakta han Vest-Tysklands mål i alle kampane, også VM-finalen på Wembley stadion 29. juli 1966 der han i ekstraomgangane to gongar måtte kapitulere for avslutingar frå England-spissen Geoff Hurst. Etter VM spelte Tilkowski ein einaste landskamp, i april 1967 kledde han på seg landslagsdrakta for 39. og siste gong.

Tilkowski vart i 1965 vald til årets spelar i Vest-Tyskland. Han la opp i 1967.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]