Horst-Dieter Höttges
|
Horst Dieter Höttges på eit klistremerke i 1971. | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Horst-Dieter Höttges | ||
| Fødd | 10. september 1943 (83 år) | ||
| Fødestad | Mönchengladbach i Tyskland | ||
| Død | 22. juni 2023 | ||
| Dødsstad | Verden an der Aller | ||
| Høgd | 176 cm | ||
| Posisjon | Venstreback | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1963-1965 | Borussia M'gladbach | 30 | (0) |
| 1964-1978 | Werder Bremen | 420 | (55) |
| Landslag | |||
| 1966-1974 | Vest-Tyskland | 66 | (1) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Horst-Dieter Höttges (10. september 1943–22. juni 2023) var ein tysk fotballspelar frå Mönchengladbach som spelte VM-finalen 1966 og EM-finalen 1972, to kampar som enda med høvesvis vesttysk tap i 1966 og siger i 1972. Han var elles med i troppane til VM 1970 og 1974.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Höttges spelte 1963/64-sesongen på Borussia Mönchengladbach i ein regional serie. Frå 1964 til 1978 var han høgreback i Werder Bremen. I Höttges fyrste sesong på Werder lukkast klubben vinne sitt aller fyrste ligagull. Tre år seinare vart Werder nummer to i Bundesliga. Til saman spelte Höttges 420 bundesligakampar og skåra 55 mål.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Höttges debuterte på det vesttyske landslaget i mars 1965. Han spelte sin 18. landskamp då Vest-Tyskland tapte VM-finalen 1966 2-4 mot arrangørlandet England. Den 21. mai 1969 i Essen la han på til 10-0 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Kypros, hans einaste landslagsmål. Under VM 1970 i Mexico deltok han i dei fire fyrste kampane til Vest-Tyskland, men ikkje den høgdramatiske semifinalen mot Italia. To år seinare var han på plass då Vest-Tyskland vann fotball-EM 1972 med overbevisande 3-0 mot Sovjetunionen i finalen. Då VM i fotball 1974 fann stad i heimlandet fekk han eit innhopp i kampen mellom Vest-Tyskland og Aust-Tyskland, eit oppgjer som enda med austtysk siger 1-0. Det var 66. og siste gongen Höttges var aktiv i den vesttyske landslagsdrakta.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
- Europameister: 1972 med Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1966 med Vest-Tyskland
- VM-bronse: 1970 med Vest-Tyskland
- Vesttysk seriemeister: 1965 med Werder Bremen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Horst-Dieter Höttges» frå Wikipedia på tysk, den 15. juni 2017.