Hansjörg Jäkle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hansjörg Jäkle
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 19. oktober 1971 (52 år)
Schonach
Idrett skihopping, kombinert
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp

Hansjörg Jäkle (fødd 19. oktober 1971) er ein tysk tidlegare skihoppar frå Schonach i Schwarzwald. Han vart olympisk meister for Tyskland i laghopping i 1994, og vann elles to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i internasjonale meisterskap, også desse i laghopping. Jäkle vart tysk meister i normalbakken i 1998.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jäkle fekk sitt gjennombrot då han i januar 1994 vart nummer seks i avslutningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Ein månad seinare var han med på tyske hopplaget som vann OL-gull i laghoppinga på Lillehammer, dei andre på laget var Christof Duffner, Dieter Thoma og Jens Weißflog. På tampen av OL-sesongen kom han på tiandeplassen i VM i skiflyging i Planica, hans beste plassering i noko internasjonalt meisterskap, og som han kopierte i skilygings-VM i Oberstdorf fire år seinare.

Både i verdsmeisterskapen i 1995 og i 1997 vann Tyskland medaljar i laghoppinga, fyrst ein sølvmedalje i Thunder Bay og så ein bronsemedalje i Trondheim. Som i olympiaden på Lillehammer var Jäkle og Thoma med på begge laga.

Fire år etter gjennombrotet i Bischofshofen oppnådde Jäkle i same hoppbakken si einaste individuelle pallplasering i verdscupen, då han vart nummer to etter landsmannen Sven Hannawald. Under OL 1998 i Nagano fekk Jäkle ein ny sølvmedalje i laghopping, atter ein gong i lag med Dieter Thoma, dei andre på laget var Sven Hannawald og Martin Schmitt. Jäkle enda på 14. plass i verdscupen i skihopping i 1998, hans beste plassering nokon gong.

Jäkle la opp som aktiv hoppar i 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]