Martin Schmitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Schmitt

Martin Schmitt 2005.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 29. januar 1978
Villingen-Schwenningen
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Martin Schmitt (fødd 29. januar 1978) er ein tysk skihoppar.

Schmitt kjempa i den ypparste verdstoppen i åra 1999 til 2001. Med sine 28 verdscupsigrar ligg han på 5. plass på statistikken, etter Matti Nykänen (48 sigrar), Jens Weissflog (33), Adam Małysz (33) og Janne Ahonen (32).

Schmitt har totalt vunne åtte medaljar i ski-VM (fire gull), han har gull og sølv frå OL, samt ei sølvmedalje frå VM i skiflyging. Den fyrste meisterskapsmedalja kom i Trondheim, då han fekk bronsemedalje i laghoppinga under VM 1997.

Schmitt har vunne verdscupen samanlagt to gonger, i sesongane 1998/1999 og 1999/2000.

Saman med Sven Hannawald utgjorde han ein frykta duo i lagkonkurransar, og vann med det tyske hopplaget tre VM-gull. Ei kneskade etter OL i 2002 sette ein stoppar for framgangen. Schmitt fekk problem med finaleomgangar i renn han vanlegvis vann.

Schmitt kom tilbake i verdscupen i 2004, og har sidan då ein femteplass som beste prestasjon.

Han er bror av kombinertløparen Thorsten Schmitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]