Sven Hannawald
Sven Hannawald | |
![]() | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 9. november 1974 Erlabrunn |
Idrett | skihopping, fotball |
Yrke | skihoppar, fotballspelar, racerfører |
Sven Hannawald (fødd 9. november 1974) er ein tidlegare tysk skihoppar.
I sesongen 1998/99 kom han på 5. plass i verdscupen samanlagt. I 2000 blei han for fyrste gong verdsmeister i skiflyging i Vikersund.
Vinteren 2001/2002 blei Hannawalds største sesong. Som første hoppar i historia, vann han alle fire enkeltrenna i hoppveka. Som første hoppar forsvarte han verdsmeistertittelen i skiflyging, og under OL i Salt Lake City vann han gull i lagkonkurransen og sølv individuelt. I verdscupen kom han på 2. plass.
I sesongen 2003/2004 gjekk det tyngre enn venta, det beste resultatet blei 4. plass i Trondheim.
Våren 2004 blei det kjent at Hannawald leid av såkalla utbrentheit, og at han mottok behandling på ein spesialklinikk. Han la offisielt opp i 2006, etter 2 års fråvære frå verdscupen. Han orka ikkje å trena seg opp igjen, og jobbar nå som ekspertkommentator for tysk fjernsyn.
Nåverande bakkerekordar:
- Zakopane (145 m)
- Titisee Neustadt (145 m)
- Čerťák (212 m)
- Kulm (214 m) (Cristian Nagiller fall på 220)
Hannawald bur i Berlin.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sven Hannawald» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.
Verdsmeistrar i skiflyging | |
---|---|
1970-talet | 1972: Walter Steiner | 1973: Hans-Georg Aschenbach | 1975: Karel Kodejška | 1977: Walter Steiner | 1979: Armin Kogler |
1980-talet | 1981: Jari Puikkonen | 1983: Klaus Ostwald | 1985: Matti Nykänen | 1986: Andreas Felder | 1988: Ole Gunnar Fidjestøl |
1990-talet | 1990: Dieter Thoma | 1992: Noriaki Kasai | 1994: Jaroslav Sakala | 1996: Andreas Goldberger | 1998: Kazuyoshi Funaki |
2000-talet | 2000: Sven Hannawald | 2002: Sven Hannawald | 2004: Roar Ljøkelsøy | 2006: Roar Ljøkelsøy | 2008: Gregor Schlierenzauer |
2010-talet | 2010: Simon Ammann | 2012: Robert Kranjec |
|