Harald Maartmann
| Harald Maartmann | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 5. januar 1926 Oslo |
| Død | 1. januar 2021 (94 år) |
| Idrett | langrenn |
| Tok del i | Vinter-OL 1952, Ski-VM 1950 |
Harald Rolf Maartmann (5. januar 1926–1. januar 2021) var ein tidlegare langrennsløpar frå Oslo og som gjekk for Idrettslaget Heming i Oslo. Han vart noregsmeister både på 17 km og 50 km i 1950. Fotballspelaren Rolf Maartmann var far hans.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Maartmann slo gjennom då han i 1949 vart nummer tre på femmila i Holmenkollrenna bak to svenskar. I 1950-sesongen vart han dobbelt noregsmeister då han vann både 17-kilometeren og femmila i noregsmeisterskapen. Han deltok i verdsmeisterskapen på ski i Lake Placid, der han vart nummer sju på 18 km og kom på femteplassen på femmila, på den lengste distansen hadde han fire svenskar framom seg på resultatlista. Sist i VM-sesongen viste han atter at han var ein habil milslukar då han vart nummer to i Holmenkollen, sigeren gjekk til Anders Törnkvist, ein av svenskane som også var framom han på VM-femmila.
I 1951 vart Maartmann nummer seks og beste nordmann på 50 km i Svenska skidspelen i Sundsvall. Både i 1951 og -52 fekk han bronsemedalje på femmila i NM. Maartmann gjekk under vinterolympiaden i Oslo i 1952 inn til åttandeplass på 50-kilometeren, ti muttar og ti sekundar etter olympiameisteren Veikko Hakulinen frå Finland.
Maartmann la langrennskia på hylla og var i 1952-53 forstmann i delstaten Oregon i USA. ar
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1950: Gullmedalje både på 50 km i Hakadal og 17 km i Asker
- Ski-NM 1951: Bronsemedalje på 50 km på Tretten
- Ski-NM 1952: Bronsemedalje på 50 km i Porsgrunn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957