Hauggrend

Koordinatar: 59°19′15.8″N 8°08′20.6″E / 59.321056°N 8.139056°E / 59.321056; 8.139056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°19′15.8″N 8°08′20.6″E / 59.321056°N 8.139056°E / 59.321056; 8.139056 Hauggrend er ei lita bygd heilt nord i Fyresdal kommune i Telemark. Bygda ligg langs Fv355 med Skreevatnet på venstre side og er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. På grunn av kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Samkvemmet med nabobygdi Veum/Øyane nokre få kilometer lenger sørover Fyresdalen er viktig det òg. Desse bygdene delte tidlegare skule, Hauggrend-Veum skule og barnehage, før denne vart lagt ned på slutten av 1990-talet.

I lokali til den tidlegare Landbruksskolen på Foldsæ er det i dag ein vidaregåande Steinerskule i drift. Bygdi har i tillegg nærbutikk, mekanisk verkstad, campingplass og landsbypub.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]