Bandaksli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°24′26.0″N 8°11′16.8″E Bandaksli er ei bygd på sørsida av innsjøen Bandak i Tokke kommune i Telemark. På grunn av storstilt gruvedrift i områdi kring Bandaksli vart dette eit trafikknutepunkt frå slutten av 1800-talet. Malm vart frakta med hest og kjerre ned til brygga, og vidare med båt mot Skien. Båtane var også viktige transportmiddel for resten av samfunnet fram til 1960-talet, då bil, buss og lastebil tok over.

I mellomkrigsåri var det både hotell, postkontor, butikk og bensinstasjon i Bandaksli, i tillegg til brygga. I dag er berre eit fåtal personar busette i Bandaksli. Det er fleire hus og småbruk som vert nytta som bustader på fritidi.

Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Krossli og Austheii i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelagi i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Samkvemmet med nabobygda Lårdal på andre sida av Bandak viktig det òg.