Skreosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skredosen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°21′14.2″N 8°09′4.8″E Skreosen er ei lita bygd i Kviteseid kommune i Vestfold og Telemark. Bygda ligg langs Fv355, ved den nordre breiddi av Skreevatnet, midt mellom Fyresdal, Dalen og Vrådal. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Grunna avstanden til sentrum i Kviteseid går dei fleste skulebarn på skule anten i Fyresdal eller på Dalen.