Hawk Wolinski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hawk Wolinski
Fødd13. mai 1948
FødenamnDavid J. Wolinski
OpphavUSA
SjangerRock, filmmusikk
Tilknytte artistarChaka Khan, Rufus, Madura
Verka somKlaverspelar, låtskrivar, plateprodusent, komponist

David J. «Hawk» Wolinski er ein amerikansk klaverspelar, låtskrivar og plateprodusent, kanskje mest kjend for arbeidet med funkbandet Rufus og songaren deira Chaka Khan.

Wolinski voks opp i Chicago i Illinois, og seint i 1960-åra var han klaverspelar og songar i bandet The Males og medlem av banda Shadows of Knight og Bangor Flying Circus. Sidan var han med å starte Madura, som vart produsert av James William Guercio. Guercio nytta Madura i filmen sin Electra Glide in Blue frå 1973, der Wolinski òg hadde ei lita rolle.

I 1970-åra vart Wolinski med Rufus som klaverspelar og låtskrivar. Han skreiv, eller var medlåtskrivar, på songar som «Hollywood», «Street Player» (seinare spelt inn av medlåtskrivaren Danny Serephine og bandet hans Chicago), «Everlasting Love», «Do You Love What You Feel», og hitsingelen «Ain't Nobody» i 1983, som nådde toppen av Billboard R&B-lista.

Wolinski har arbeidd med mange andre artistar som musikar, låtskrivar og produsent, som Bee Gees, Glenn Frey, Michael Jackson, Danny Seraphine, Beverley Knight, Millions Like Us, Stephanie Mills og Minnie Riperton.

Han har skrive songar for filmar som Cobra, Wildcats og Beavis and Butt-Head Do America.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]