James William Guercio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James William Guercio
Statsborgarskap USA
Fødd 18. juli 1945 (78 år)
Chicago
Yrke Plateprodusent, låtskrivar, filmprodusent
Språk engelsk

James William Guercio (fødd 18. juli 1945) er ein USA-amerikansk plateprodusent, musikar og låtskrivar. Han er mest kjend for arbeidet med dei tidlege albuma til Chicago, i tillegg til tidlege innspelingar av The Buckinghams og Blood Sweat & Tears. Han har arbeidd i korte periodar i filmindustrien som produsent og dirigent. Guercio var medlem av akkompagnementet til The Beach Boys i midten av 1970-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Guercio flytta til Los Angeles i midten av 1960-åra og byrja å arbeide som studiomusikar og låtskrivar. Han spelt epå fleire innspelingar og skreiv Chad and Jeremy-hitten «Distant Shores» i 1966. Han er oppført som «bidragsytar» for debutalbumet til Frank Zappa frå 1966, Freak Out! (han var ei kort stund medlem av the Mothers of Invention før albumet vart spelt inn). Han fekk så jobb hos Columbia Records som fast produsent, og Guercio byrja å arbeide med the Buckinghams og bidrog på fire hitsinglar for dei i 1967: «Don't You Care», «Mercy, Mercy, Mercy», «Hey Baby (They're Playing Our Song)» og «Susan».[1]

Medan han gjekk på skule i Chicago vart Guercio ven med sakofonisten Walter Parazaider. Parazaider inviterte Guercio til å høyre på det nye bandet hans, «The Big Thing», og Guercio gjekk med på å vere manager og produsent for dei. Han flytta bandet til Los Angeles i 1968, og overtydde dei til å skifte namn til «The Chicago Transit Authority», og skaffa dei jobbar på lokale klubbar, der dei raskt vart populære. Medan han spelte inn det første albumet deira for CBS/Columbia, vart Guercio beden om å produsere det andre albumet til Blood, Sweat & Tears. Begge desse albuma kom ut i 1969 og vart særs populære. For albumet Blood, Sweat & Tears vann Guercio Grammyprisen for årets album.[2]

I 1969 truga det faktiske Chicago Transit Authority med søksmål for å verne namnet sitt, og Guercio korta bandnamnet ned til Chicago og byrja å arbeide på det andre albumet deira, Chicago II. Bådet dette og debutplata The Chicago Transit Authority inneheld lange innspelingar som vart ganske populære på FM-radio, men då Guercio redigerte ned fleire spor til det radiovenlege tre minuttar lange formatet med «Make Me Smile», «25 or 6 to 4» og «Beginnings», vart Chicago ein stor salssuksess. Guercio produserte i alt elleve album for bandet (inkludert fem album på rad som nådde toppen av den amerikanske albumlista). Chicago X inneheldt den første singelen til bandet som nådde toppen av singellista, «If You Leave Me Now». Etter usemje om kreative avgjersler, turnéverksemda og økonomien, gjekk Chicago og Guercio kvart til sitt etter Chicago XI var ferdig seint i 1977.

Guercio arbeidde ikkje berre med dei store artistane. I 1969 møtte han gatepoeten og musikaren Moondog, og produserte to album for denne eksentiske personen. Guercio produserte Firesign Theatre-singelen «Station Break», som kom ut i mars 1969.

Han vart med The Beach Boys i midten av 1970-åra som bassist på konsertane deira.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Guercio var òg interessert i filmproduksjon og fekk høvet til å produsere og regissere filmen Electra Glide in Blue i 1973. Han skreiv òg musikk for filmen.[3] Hovudrolla i filmen var Robert Blake medan Peter Cetera og andre medlemmar i Chicago hadde mindre roller. Filmen fekk god kritikk og har vorte ein kultklassikar. Guercio produserte ein Robert Blake-film til, Second-Hand Hearts, som kom i 1981.

Guercio grunnla Caribou Ranch, eit populært platestudio i Rocky Mountains i Colorado. Den første hitten som vart spelt inn i Caribou var Joe Walsh sin «Rocky Mountain Way». I tillegg til Chicago (frå og med Chicago VI), vart studioet nytta av mange andre artistar: Elton John (for hans Caribou, Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy og Rock of the Westies), Billy Joel, Rod Stewart, Carole King, Stephen Stills, Waylon Jennings, Amy Grant, Supertramp og The Beach Boys. Studioet vart lagt ned etter ein brann i mars 1985 og kom aldri i bruk att.[4]

Etter han forlet Chicago og studioet hans på Caribou Ranch brann ned, vart Guercio lei heile plateindustrien og skifta beite. Han bryja med kvegdrift, eigedomsutvikling og leiting, boring og produksjon av olje og gass. Seint i 1980-åra kjøpte Guercio Country Music Television (CMT).[5] Tidleg i 1990-åra selde han CMT til mediamogulen Ed Gaylord og Westinghouse Broadcasting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]