Head Games av Foreigner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Head Games
Studioalbum av Foreigner
Utgjeve 10. september 1979
Innspelt June - juli 1979
Studio
Sjanger Hardrock
Lengd 38:12
Selskap Atlantic
Produsent
Foreigner-kronologi
Double Vision
(1978)
Head Games 4
(1981)


Singlar frå Head Games
  1. «Dirty White Boy»
    Utgjeve: August 1979 (USA)
  2. «Head Games»
    Utgjeve: Oktober 1979 (USA)
  3. «Women»
    Utgjeve: Februar 1980 (USA)
  4. «Love on the Telephone»
    Utgjeve: Februar 1980 (Holland)
  5. «I'll Get Even with You»
    Utgjeve: 12. september 1980 (Storbritannia)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideC[2]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Head Games er det tredje studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 10. september 1979 av Atlantic Records. Albumet vart spelt inn i Atlantic Studios i New York, med ytterlegare innspelingar og miksing i Cherokee Studios i Los Angeles. Det var det einaste Foreginer-albumet som var produsert av Roy Thomas Baker, mest kjend som produsent på dei klassiske albuma til Queen. Det var første albumet med den nye bassisten Rick Wills (tidlegare i Jokers Wild og Small Faces) som erstatta Ed Gagliardi (som fekk sparken frå bandet). Det var òg det siste albumet med dei opphavlege medlemmane Ian McDonald og Al Greenwood, som slutta etter innspelinga av dette albumet.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Modellen på fotografiet på framsida er den amerikanske skodespelarinna og filmprodusenten Lisanne Falk.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i august 1979, kort tid etter den første singelen frå albumet kom ut, «Dirty White Boy». Denne singelen nådde 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.[4] Sjølve albumet stadfesta populariteten til Foreigner og nådde femteplassen på Billboard 200-lista[5] og oppnådde platinaplate fire månader etter det kom ut. Til no har Head Games selt over fem millionar eksemplar i USA. Dei neste singlane frå albumet var tittelsporet og «Women», som nådde høvesvis 14. og 41. plassen på lista.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dirty White Boy»Mick Jones, Lou Gramm3:38
2.«Love on the Telephone»Jones, Gramm3:18
3.«Women»Jones3:24
4.«I'll Get Even with You»Jones3:40
5.«Seventeen»Jones, Gramm4:36
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Head Games»Gramm, Jones3:37
7.«The Modern Day»Jones3:26
8.«Blinded by Science»Jones4:55
9.«Do What You Like»Ian McDonald, Gramm3:59
10.«Rev on the Red Line»Al Greenwood, Gramm3:35
Total lengd:38:12
Bonusspor på Rhino Records-utgåva frå 2002
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Zalia»McDonald, Gramm2:34
Total lengd:40:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Foreigner[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Roy Thomas Baker – producer
  • Geoff Workman – lydteknikar
  • George Marino – mastering (i Sterling Sound, New York)
  • Ted Jensen – digital ommastring i 1995 (i Sterling Sound, New York)
  • Dan Hersch – digital ommastring i 2002
  • Shawn R. Britton – MFSL-mastering i 2013 (o Mobile Fidelity Sound Lab i Sebastopol i California)
  • Sandi Young – kunstnarisk leiar
  • Chris Callis – fotografi på framsida
  • David Alexander – fotografi på baksida
  • William Coupon – foto i heftet

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979-1980) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[6] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[7] 39
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[8] 38
US Billboard 200[5] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hinds, Andy. Head Games av ForeignerAllmusic. Henta 18. mai 2020.
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Evans, Paul (2004). «Foreigner». The New Rolling Stone Album Guide (Completely Revised and Updated 4th utg.). New York: Fireside. s. 307. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. 4,0 4,1 «Foreigner – Chart history». Billboard Hot 100 for Foreigner. Henta 18. mai 2020. 
  5. 5,0 5,1 "Foreigner Album & Song Chart History" Billboard 200 for Foreigner. Prometheus Global Media. Henta 18. mai 2020.
  6. "Top RPM Albums: Nummer 7866a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 18. mai 2020.
  7. "Offiziellecharts.de – Foreigner – Head Games" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 18. mai 2020.
  8. "Foreigner – Head Games". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 18. mai 2020.