Ulrike Meyfarth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulrike Meyfarth
Ulrike Meyfarth.JPG
Fødd 4. mai 1956
Frankfurt am Main
Yrke høydehopper, friidrettsutøvar
Ulrike Meyfarth på Commons

Ulrike Nasse-Meyfarth (fødd 4. mai 1956) er ein tysk tidlegare høgdehoppar frå Frankfurt am Main som tevla for Vest-Tyskland og vart olympisk meister både i 1972 og 1984, samt europameister i 1982.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Allereie som 15-åring hevda Meyfarth seg i landstoppen i høgdehopp i Vest-Tyskland. Både i 1971 og 1972 vart ho nummer to i den vesttyske meisterskapen. Dermed kvalifiserte ho seg som den tredje vesttyske kvinnelege høgdehopperen til Sommar-OL 1972 i München.

Meyfarth var ei av få kvinner som nytta seg av teknikken som USA-amerikanaren Dick Fosbury hadde introdusert i Mexico-leikane fire år tidlegare, den såkalla Fosbury-flop. Med eit entusiastisk heimepublikum fobetra Meyfarth i OL-finalen si eiga bestenotering på 1,85 m til både 1,87 og 1,90 m. Det heldt til gullmedalje framom Bulgarias Jordanka Blagojeva og førehandsfavoritten, austerrikske Ilona Gusenbauer. Meyfarth stoppa ikkje der, men la lista på verdsrekordhøgda 1,92 m og smaug seg over. Meyfarth er til dags dato (2015) den yngste gullmedaljøren i ei individuell friidrettsøving.

Etter OL-triumfen var Meyfarth omfatta av enorm interesse frå både media og publikum. Ho vart nummer sju i høgdetevlinga ved friidretts-EM 1974 og mislukkast i Sommar-OL 1976, der ho rauk ut i kvalifiseringa.

Etter trenar- og klubbyte framom 1978-sesongen vart Meyfarth nummer fem under EM i friidrett 1978 med ny vesttysk rekord på 1,95 m. I juli 1980 greidde ho for fyrste gong å hoppe over 2 meter, men sidan Vest-Tyskland boikotta sommarleikane i Moskva fekk ho ikkje høve til å delta.

I EM 1982 i Aten vann Meyfarth gullmedaljen og forbetra verdsrekorden til 2,02 m. Året etter tok ho i Helsingfors sølvmedaljen i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, etter ein tett duell med sovjetiske Tamara Bykova. 21. august 1983, under eit friidrettsstemne i London, hoppa både Meyfarth og Bykova den nye verdsrekordhøgda 2,03 m. Fire dagar seinare forbetra Bykova rekorden med endå ein centimeter.

Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles deltok Meyfarth for siste gong i ei stor meisterskapstevling. Ved å ta seg over 2,02 m sikra ho seg gullmedaljen framom italienske Sara Simeoni. 12 år etter München-leikane vann Meyfarth dermed sitt andre OL-gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]