Helmer Osslund
Helmer Osslund | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 22. september 1866 Tuna församling, Härnösands stift |
Død |
11. juli 1938 (71 år) |
Yrke | kunstmålar, keramikar |
Språk | svensk |
Far | Daniel Aslund |
Helmer Osslund på Commons |
Jonas Helmer Osslund, opphavleg Åslund, (22. september 1866–11. juli 1938) var ein svensk målar frå Tuna i Medelpad. Han er særleg kjend for sine verk prega av hans møte med Lapplands fjellmassiv og dei storslåtte villmarksviddene i flammande haustfargar. Desse bileta danna grunnen for Osslund sitt ry som "Norrlands konstnärlige upptäckare".[1]
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Helmer Åslund fór som ung til USA for å verte ingeniør. Der endra han etternamn til Osslund. 21 år gammal byrja han måle og var tida 1889-94 tilsett som dekoratør ved Gustavbergs porslinsfabrik ved Stockholm. Fabrikken kosta i 1890 på han ei studiereise til Paris og London. Han byrja så å studere målarkunst ved Académie Colarossi i Paris våren 1894. Han var den einaste svensken som studerte hos Paul Gauguin, og tok etter franskmannen sitt symbolistisk samla syn på fargar og form, noko Osslund nytta i sine landskaps- og portrettmåleri, samt modellstudiar. Heimkomen i Sverige voks fram den dynamisk uttrykksfulle landskapskunsten som vart kjennemerket hans.
Det var først i 1898 han byrja måle norrlendsk natur. Osslund oppheldt seg då fleire månader på målarvandringar i de norrlendske øydemarkane, turar som han gjentok ofte dei neste tiåra. Gauguin hadde lært han å måle på smørpapir, noko som var billegare og lettare å handtere enn vanleg lerret når han var på vandring.
Hans ekspressive måleri ligg nær modernismen og kom til å påverke mellom andre Leander Engström, ikkje minst etter den unge Engström i 1907 fekk fylgje med Osslund på ein målartur i lappmarka. Måleria Före Stormen, Midsommar Nuolja (1922) og Höstafton vid Nordingrå er døme på Osslund sin kunst. Lenge var han oversedd, fyrst i alderdomen vart han til fulle verdsett av publikum.
Våren 1906 hadde Osslund ei stor utstilling i rådhuset i Gävle. Ein som omgåande vart interessert i Osslund sin ekspressive kunst, alle dei norrlendske haustmotiva i brennande fargar, var lærfabrikanten Emil Matton, som då kjøpte tre måleri. Året etter stilte Osslund ut på ny i Gävle og Matton bestilte då ein serie på fire måleri, kalla Årstiderna. Eitt av måleria i serien, Hösten, er i dag Osslunds mest kjende verk.
Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Den svenska målarkonstens historia:221
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Den svenska målarkonstens historia. 2001