Helsingør Skibsværft og Maskinbyggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helsingør Skibsværft og Maskinbyggeri
Elsinore Shipyard 1938.jpg
Selskapsformaktieselskab Sjå dette på Wikidata
Skipa1882
Bransjeskipsbygging
HovudkontorHelsingør Sjå dette på Wikidata

Helsingør Skipsverft og Maskinbyggeri A/S var eit av dei store skipsverfta i Danmark, grunnlagt 1. mars 1882 som A/S Helsingør Jærnskibs- og Maskinbyggeri av M.C. Holm (1827-1892) frå Rederiet Norden. Verftet nådde akkurat å fylle 100 år innan det vart nedlagt i 1983. Nokre av dei gamle verftbygningane er no omgjort til Kulturværftet.

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege aksjekapitalen var på 1,6 millionar kr. Der vart bygd tre byggebeddingar og ein tørrdokk, kvar på meir enn 100 meter lengd, samt ei lang rekkje til skipsbygging- og maskinverkstader med moderne verktøysmaskinar, kranar, støyperi, administrasjonsbygningar og eigen dampkraftsentral. Dei første bygningane til verftet vart teikna av J.E. Gnudtzmann. Det første skipet frå verftet vart sjøsett på grunnlovsdagen 1883 og vart døypt «Helsingør». Den første direktøren var Vilhelm Dyhr, medan grunnleggaren vart styreleiar.

Konjunkturane dei første åra var ikkje gunstige for skipsverftet, så M.C. Holm overtok leiinga og tinga sjølv to skip. I 1889 hadde situasjonen likevel endra seg til det betre, talet på tilsette gjekk over tusen og verksemda kunne utbetala utbytta til aksjonærane sine.

M.C. Holm døydde i 1892 og vart etterfølgd som styreleiar av skipsbyggjar Christian Rohmann, som var eigar av eitt av to treskipsverft i Helsingør. S.C.W. Bindesbøll vart etter instruksane til Holm ny direktør. I 1896 var etterspurnaden på reparasjonsordrar stigande, og verftet kjøpte den gamle patentopphalerbeddingen, som hadde vore bygd av treskipsverfta i byen i 1863. Det vart dessutan konstruert ein ny tørrdokk, så verftet fekk høve for å dokka skip med ei lengd opptil 112 meter. Samstundes vart aksjekapitalen auka til 2,1 millionar kr.

Etter hundreårsskiftet sette ein ny stagnasjon inn omkring 1907, men verftet handla framsynt og starta tre nye skipsprosjekt for eiga rekning. Det heldt på arbeidsstyrken, og det lukkast å selje skipa. Verftet hadde likevel underskot i åra fram til 1911, då ordrane på nybyggingar igjen byrja å strøyme inn.

I 1913 vart aksjemajoriteten til verftet overteken av eit konsortium av mellom andre Burmeister & Wain og DFDS. Representantar frå desse kom inn i styret. Verftet heldt derimot fram som heilt sjølvstendig eining. I 1916 selde B&W sin aksjedel til DFDS. Krigskonjunkturane under første verdskrigen gagna verksemda, trass i at det var særs vanskeleg å skaffe materiale i naudsynt omfang.

Utvidingar[endre | endre wikiteksten]

Grovsmia på verftet i 1928.

1920- og 1930-åra vart forma av større moderniseringar på verftet. Der vart oppført eit moderne skipsbyggingsverkstad i jernbetong i to etasjar (1924-25), ein ny opphalarbedding (1928), som kunne handsame skip opptil omlag 4000 tonn daudvekt og dessutan ein bygning for tømrar-, snikkar og malarverkstader (1932). Verftet tileigna seg dessutan i 1933 nye areal ved Allégade og Grønnehavevej, kor der vart etablert ein tømmerplass og seinare ein ny modellsnikkarverkstad med lager samt ein turbinverkstad. På dette tidspunktet hadde maskinavdelinga fått patent på ein ny spildedampturbin, og med stor suksess vart det fram til 1960 levert ikkje færre enn 60 anlegg av denne arten, inntil dampmaskinen etterkvart vart heilt fortrengt av dieselmotorar. I 1935 oppnådde verftet ein lisensavtale med B&W, som sette verftet i Helsingør i stand til å bygga eigne dieselmotorar. Det første skipet med dieselmotor av verftet sin eigen konstruksjon vart sjøsett i 1937 og var passasjerskipet «Kronprins Olav», som kom i teneste hos DFDS. På dette tidspunktet hadde verftet spesialisert seg innan for kjøle- og fruktskip, i tillegg til passasjerskip. I slutten av 1930-åra hadde verftet omlag 2500 tilsette.

Okkupasjonen sette stort sett ein stoppar for tilførselen av materiale, som normalt kom frå England. Wehrmacht oppretthalde likevel ein viss aktivitet på verftet i krigsåra.

Stordomstida i etterkrigsåra[endre | endre wikiteksten]

I etterkrigstida fekk Helsingør Skipsverft og Maskinbyggeri støtte frå Marshall-hjelpa. Perioden var ei oppgangstid for verksemda, som i 1957 kom oppå 3600 tilsette og i same tiår overtok aksjemajoriteten i Aarhus Flydedok, som fortsette som dotterselskap. Byggebeddingane vart i 1953 forlenga, slik at ein no kunne byggast frakteskip på opptil omlag 14 000 tonn. Samstundes vart den gamle dokken skifta ut, så ein kunne dokke skip på opptil 150 meters lengd. Aksjekapitalen til verftet vart samstundes utvida frå 8,4 til 12,6 millionar kroner.

På den tekniske fronten lanserte verftet i 1954 ein gassturbin, som danna grunnlag for verftet sine turboladarar. Det første skipet med denne turboladaren installert var frakteskipet «Abelone Vendila». Etter dette føregjekk det ei omlegging av produksjonen på verftet som følgje av overgangen frå nagling til sveising.

Maskinavdelinga fekk i dette tiåret store oppgåver, bl.a. reaktorinnkapslinga på Forskingssenter Risø samt store kjeleanlegg til Asnæsværket og Svanemølleværket.

Skjerpa konkurranse og nedlegging[endre | endre wikiteksten]

I 1964 vart reiarlaget J. Lauritzen medeigar av aksjemajoriteten, der DFDS enno var den andre store aksjonæren. Fire år seinare inngjekk verftet eit samarbeide med verfta i Aalborg, Frederikshavn og Aarhus, som resulterte i koordineringsselskabet DAN-Værft A/S. På dette tidspunktet stod det klart at den danske verftindustrien ikkje lenger konkurrerte innbyrdes, men derimot med utanlandske verft.

Etter ein lengre nedgangsperiode i 1970-åra noterte verftet i 1980 eit underskot på 23 millionar kr og året etter eit underskot på 132 millionar kr. I 1982 kunne styreformannen i Lauritzen-konsernet, Aksel Drejet på generalforsamlinga meddela at nybyggsavdelinga til verftet skulle leggast ned etter eit tap utan sidestykke i dansk verftshistorie. Helsingør Skipsverft og Maskinbyggeri A/S vart lagt ned i 1983 med ein negativ eigenkapital på 135 millionar kronar. Reparasjonsavdelinga vart vidareført i Frederikshavn under namnet HV-Turbo.

Direktørar[endre | endre wikiteksten]

  • 1882-1887 Vilhelm Dyhr
  • 1887-1892 M.C. Holm
  • 1892-1913 S.C.W. Bindesbøll
  • 1913-1921 J.J. Lundgaard
  • 1921-1925 Christian Andersen
  • 1925- H.P Christensen (f. 1886)
  • H.C. Steffensen
  • H.J. Esmann Olesen

Styremedlemmer[endre | endre wikiteksten]

Styreformenn[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Skip bygde av Helsingør Skipsverft og Maskinbyggeri[endre | endre wikiteksten]

Reparasjon av hjuldamperen Dronningen omlag 1900
Prince Abdulaziz bygd 1984.

For Forsvaret[endre | endre wikiteksten]

  • Peder Skram-klassen: Fregattane F352 Peder Skram og F353 Herluf Trolle (1965)

For DSB[endre | endre wikiteksten]

  • D/F «Orehoved» (1916, seinare «Kärnan» 1950, «Senior» 1970, opphogd 1971)
  • D/F «Danmark» (1922, opphogd 1968)
  • M/F «Korsør» (1927, opphogd 1981)
  • M/F «Sjælland» (1933,opphogd 2016)
  • M/F «Freia» (1936, berre utrusting, skrog utført av Aalborg Verft, ombygd til casino)
  • M/F «Storebælt» (1939, opphogd 1984)
  • M/F «Dronning Ingrid» (1950, frå 1979 M/F «Sjælland, restaurantskip i England under namnet «Princess Selandia»)
  • M/F «Kong Frederik IX» (1954, opphogd 2005)
  • M/F «Helsingør» (1955, bevisst sokke utfor Gozo i Malta 1999)
  • M/F «Hallskog» (1956)
  • M/F «Prinsesse Benedikte» (1959, opphogd 2001)
  • M/F «Knudshoved» (1961, opphogd 1998)
  • M/F «Sprogø» (1962, opphogd 2004)
  • M/F «Arveprins Knud» (1963, opphogd 2004)
  • M/F «Danmark» (1968, opphogd 1999)
  • M/F «Romsø» (1973, opphogd 2006)
  • M/F «Dronning Ingrid» (1980)

For Det Forenede Dampskibs-Selskab[endre | endre wikiteksten]

  • M/S «C.F. Tietgen» (1928, opphogd 1970)
  • M/S «Kronprins Olav» (1937, opphogd 1986)
  • M/S «Hans Broge» (1939, opphogd 1983)
  • M/S «Kronprins Frederik» (1941, søkkt 1976)
  • M/S «Kronprinsesse Ingrid» (1949, opphogd 1985)
  • M/S «Jens Bang» (1950, opphogd 1984)
  • M/S «H.P. Prior» (1950, opphogd 1981)
  • M/S «Brasilia» (1954, opphogd ?)
  • M/S «Prinsesse Margrethe» (1957, opphogd 1987)
  • M/S «England» (1964, søkkt 2001)
  • M/S «Akershus» (1965, søkkt 1989)

For Østasiatisk Kompagni[endre | endre wikiteksten]

  • «Christianssted» (1904, nr. 100, seinare «Chutatutch», bomba utfor Japan 16. juni 1945)

For Rederiet Ove Skou[endre | endre wikiteksten]

  • «Dorit Skou» (1968, opphogd 2003)
  • «Dolly Skou» (1974, opphogd 2003)
  • «Dorthe Skou»
  • «Dagny Skou»

For Det Bergenske Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

Andre skip[endre | endre wikiteksten]

  • M/S «Ariel» (1970) for Finska Ångfartygs A/B, Helsingfors
  • M/S «Golden Odyssey» (1974) for Royal Cruise Line, Piræus
  • M/F «Mette Mols» (1975), Mols-Linien A/S, Ebeltoft.
  • M/F «Maren Mols» (1975), Mols-Linien A/S, Odden Ferjehamn.
  • «Qadisiyah Saddam» (1981)
  • «Prince Abdulaziz» (1984)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°2′17.19″N 12°36′53.37″E