MS «Cometa» (1941)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Cometa»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark
Byggekostnad: 44 834 832 kr[1]
Verftsnummer: 263
Jomfrutur: Januar 1946
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LKOH
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 6 671 brt, 4 010 nrt
Daudvekt: 7 580 tdw.
Lengd: 460,3 fot (140,3 m)
Breidd: 57,3 fot (17,5 m)
Djupgang: 32,3 fot (9,8 m)
Installert effekt : BHK 7400 NHK 1342
Framdrift: 2 stk. 7cyl 2T dieselmotor (Burmeister & Wain)
Fart: 16,5 knop
Passasjerar: 12 passasjerar
Karriere Flag of Germany (1935–1945).svg Nazi-Tyskland
Namn: M/S Cometa
Eigar: Kriegsmarine
Karriere Flag of Singapore.svg Singapore
Namn: M/S Timur Endeavour
Eigar: Thome & Co. Ltd.
Kjøpt: August 1970
Heimehamn: Singapore
Lagnad: Opphogd 1974

MS «Cometa» (kallesignal LKOH) var eit motorskip bygt i 1941 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) med tanke på at det skulle gå som flaggskip i Syd-Amerikalinjen (SAL).[2] Tyskarane tok derimot skipet før det var ferdigbygd, og det gjekk først inn i linja i januar 1946 for BDS.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen, og dette vart kalla opp etter himmelobjektet komet. Dette var det tredje fartøyet til BDS med dette namnet etter DS «Cometa» (1913) og MS «Cometa» (1921), som vart torpedert i 1940.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark og kosta nesten 45 millionar kroner[1], det klårt dyraste skipet BDS hadde fått bygd til då. Skipet vart bestilt i november 1938 for å setjast inn i Den norske Syd-Amerikalinjen, som var eigd av BDS, A/S J. Ludwig Mowinckels Rederi og Fred. Olsen & Co. 17. juli 1941 vart det kapra av tyskarane like etter det hadde utført den første prøveturen sin. Tyskarane ved direktør Dolainsky ved Deutsche Werk i Kiel forlangte at prøveturen skulle gjerast under tysk krigsteneste i innløpet mellom minefelta i Øresund. Her oppnådde det ein fart på 17 knop. Tyskarane hadde gjeve ordre til Burmeister & Wain om å gjere noko arbeid på skipet, utan at BDS vart informert. På prøveturen var derfor skipet dels i kamuflasjemalt, men nøytralitetsmerka var ikkje overmalt.[1] Etter at skipet vart teke, låg det eit halvt år i Helsingør for ominnreiing.

Mannskapet som overtok skipet var frå HAPAG og det var meininga at dette reiarlaget skulle ha skipet etter krigen.[1] I juni 1943 var det rapportert å vere i Austersjøen og i september 1944 i København. Skipet vart mellom anna brukt til egne tropper, fangar og liknande, og vart i følgje Bergens Tidende «alt annet enn pent behandlet».[3] I mai 1945 vart det overført til Versuchs und Zielshiff Torpedo Erprobungs Kommando i Kiel. Skipet var då i særs dårleg forfatning. Mannskap vart flydd inn frå England for å ta hand om skipet, og i følgje årsberetningen til BDS vart der dermed «spart for total ødeleggelse». 13. juni 1945 overtok Nortraship skipet og 6. juli 1945 var det i Bergen for første gongen.[4] Etter å ha lagt eit par veker i opplag vart det reinsa, mellom anna med utrøyking.[3] Oppryddinga vart utført av tyskarar.[5] 26. juli for det til Stavanger for troppetransport[6] til Tyskland og fortsette med det òg i august. 15. september gjekk «Cometa» ut frå Bergen til Kochums mekaniske verksted i Malmø for reparasjon.[7]

Skipet var ferdig ved verftet 17. januar 1946[2] og kom til Bergen 26. januar 1946 for endeleg å setjast inn i Den norske Syd-Amerikalinjen som flaggskip. Skipet lasta for Brasil, Argentina og Uruguay med anløp i Santos, Buenos Aires og Montevideo.[8] 23. februar var skipet kome fram til Santos og Sør-Amerika for første gongen.

Søndag ettermiddag 26. januar 1947 var det ei stygg ulukke ombord på «Cometa», medan det låg i hamna i Måløy og lasta. Båtsmannen Jens Ulvatne frå Manger fall frå dekket og ned i lasterommet og slo seg stygt. Han vart frakta til sjukehuset i Nordfjordeid, der han døydde natt til tysdag som følgje av store hovudskadar.[9]

I januar 1949 var det brann i lasterom nr. 4 på shelterdekket medan skipet låg i Montevideo. Brannvesenet kom til og det vart sprøyta CO2 ned i rommet. Brannen viste seg å vere i eit parti bomullsfrø-kaker. Brannsjefen ønskte å sprøyte vatn på, men kapteinen nekta. I staden heiv ein på dekk kring 500 sekkar med kaker og kring 50 sekkar med linfrø. Kring 60 sekkar med kaker og 10 sekkar med linfrø var blitt skadd i brannen, men ingenting anna. Den skadde lasta vart kasta på sjøen. Ein konkluderte med at lasta hadde sjølvtent.[10] Heilt på tampen av 1949 var «Cometa» innom Spania og Frankrike på veg til Bergen, og i Frankrike hadde fire spanske blindpassasjerar snike seg ombord. Politiet vart varsla då skipet kom til Bergen og tok seg av dei. Dei hadde berre pass til å reise frå Spania til Frankrike, men hevda dei var politiske flyktningar.[11] Etter ei undersøking av styresmaktene vart protesten til spanjolane om å bli utvist avvist, og dei vart sende attende til Frankrike med «Cometa» att.[12]

I 1955 vart eine propellen øydelagd i elva Paranagua og det segla til Noreg med berre éin motor.[1] I 1956 var det igjen brann ombord, denne gangen i maislasta i rom nr. 5.[1] 15. februar 1958 gjekk «Cometa» på grunn ved innløpet til København, men kom seg laus for eiga maskin etter nokre timar. Skipet vart så undersøkt av dykkarar, men dei fann ingen nemneverdig skade.[13]

I oktober 1959 braut det ut slagsmål ombord på «Cometa» medan det låg i Ålesund. Ein motormann frå Bergen og ein kokk frå Uruguay kom i klammeri, og bergensaren drog kniv mot kokken. Han fekk så pass store sår at han måtte førast til sjukehus for å bli sydd. Maskinisten fekk ei bot på 500 kroner og sendt tilbake til Bergen.[14] I følgje mannskapet hadde motormannen berre vore ombord i 19 dagar, og skreiv til Bergens Tidende at det «var 19 dagar for lenge».[15] I løpet av 1959 hadde skipet òg ein kollisjon med ein lekter ved Herøya.

14. desember 1962 kolliderte «Cometa» på ettermiddagen med MS «Stanford» på 3000 tonn frå Oslo-reiarlaget J.B. Stang i den ytre hamna i Drammen. «Cometa» hadde nett vore ved Akers Mekaniske Verksted for klassifisering, medan «Stanford» var på veg utover. Det var sjørøyk og dårleg sikt, og på «Cometa» var ikkje «Stanford» synleg på radaren. Dei høyrde heller ingen tåkesignal, og skipet vart først observert då det var ei kabellengd mellom dei (185 meter). «Cometa» heldt 15 knops fart då det vart slått full fart akterover. Kollisjonen skjedde baug mot baug og «Stanford» glei langs skipssida av «Cometa». Begge fartøya fekk omfattande skadar, men kunne halde fram for eigen maskin.[16][17] Skaden vart utbetra ved Akers Mekaniske Verksted i Oslo.[18]

Året etter vart propellane skadd i isen i Drammensfjorden.[1]

Då det melde seg behov for større fryse- og kjølekapasitet i Syd-Amerikalinjen, vart «Cometa» rekna som for lite og vart seld i august 1970 til Thome & Co. Ltd. i Singapore og det fekk namnet «Timur Endeavour». Det var i Bergen siste gongen 25. juli 1970. 27. juli segla det til Haugesund for å bli overlevert dei nye eigarane, før det gjekk vidare til Herøya for lasting til Austen.[19]

I februar 1974 vart skipet selt til Taiwan for opphogging og det kom fram til Kaohsiung 27. februar 1974.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 6 671 brt, 4 010 nrt og lasteevna var 7 580 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 11 989 , der 2 500 m³ var kjølerom. Hovudmaskinane var to stykk 7-sylindra 2-takts dieselmotorar, levert av Burmeister & Wain i København. Oppgjeven yting var 7 400 bHk (bremsande hestekrefter) og 1 342 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 16,5 knop.[1]

Skipet hadde rom til 12 passasjerar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «M/S Cometa». Sjøhistorie.no. Henta 25. desember 2020. 
  2. 2,0 2,1 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 7–10, og 30. Henta 5. august 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 24. juli 1945. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 6. juli 1945. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  5. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 25. juli 1945. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  6. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 27. juli 1945. s. 3. Henta 25. desember 2020. 
  7. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 15. september 1945. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  8. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 22. januar 1946. s. 3. Henta 25. desember 2020. 
  9. «Falt ned i rommet». Bergen: Bergens Tidende. 28. januar 1947. s. 4. Henta 25. desember 2020. 
  10. «Brann i MS «Cometa»s last i Montevideo». Bergen: Bergens Tidende. 22. februar 1949. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  11. «Fire blindpassjerer med Bergenskes «Cometa»». Bergen: Bergens Tidende. 29. desember 1949. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  12. «Spanjolenes protest avvist». Bergen: Bergens Tidende. 5. januar 1950. s. 3. Henta 25. desember 2020. 
  13. ««Cometa» gikk på grunn ved København, av ved egen hjelp». Bergen: Bergens Tidende. Henta 25. desember 2020. 
  14. «Knivstikk på fraktefartøy». Bergen: Bergens Tidende. 19. oktober 1939. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  15. «Knvstikkeren var motormann». Bergen: Bergens Tidende. 23. oktober 1959. s. 8. Henta 25. desember 2020. 
  16. ««Cometa» i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 15. desember 1962. s. 8. Henta 25. desember 2020. 
  17. ««Cometa» holdt 15 mil i tåken». Bergen: Bergens Tidende. 19. desember 1962. s. 3. Henta 25. desember 2020. 
  18. «Bergenske økte fraktinntektene til 163 millioner kroner i fjor». Bergen: Bergens Tidende. 1. mars 1963. s. 6. Henta 25. desember 2020. 
  19. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 28. juli 1970. s. 6. Henta 25. desember 2020.