DS «Castor» (1920)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: DS «Rødfaxe»
Eigar: A/S Primula
Verft: Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark
Verftsnummer: 161
Jomfrutur: oktober 1920
Heimehamn: København
Kjennemerke: WNRF - LCGE - LDMG
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 640 brt, 933 nrt
Daudvekt: 2 400 tdw,
Lengd: 259,0 fot (78,9 m)
Breidd: 37,7 fot (11,5 m)
Djupgang: 15,4 fot (4,7 m)
Installert effekt : NHK 158 IHK 600
Framdrift: Triple 3 cyl, dampmaskin (Helsingør JS&MB)
Fart: 9,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Castor»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Desember 1922 772 717 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: DS «Tankar»
Eigar: 1948-1955: A/B Tankar Steamship Co. Ltd.
1955-1956: A/B Andersson Steamship Co. Ltd.
Kjøpt: Januar 1948
Heimehamn: Gamlakarleby
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: DS «Sisukas»
Eigar: Varustana O/Y Sisukas Rederi
Kjøpt: 1956
Heimehamn: Helsingfors
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: DS «Sisal»
Eigar: P/R Sisal (Fenno Steamship Ltd. O/Y)
Kjøpt: 1963
Heimehamn: Helsingfors
Lagnad: Opphogd 1964

DS «Rødfaxe» (kallesignal WNRF - LCGE - LDMG) var eit dampskip bygt i 1920 som lasteskip for A/S Primula, eigd av Schach, Steenberg & Co, i København i Danmark.

To år seinare vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Castor». Det gjekk inn i ruta mellom London og Austersjøen og var i flåten til BDS i litt over 25 år, før det hamna i Finland og gjekk under namna «Tankar», «Sisukas» og «Sisal» før det vart opphogd i Belgia i 1964.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark og vart levert i oktober 1920 for A/S Primula i København. [2]

17. september 1922 var «Rødfaxe» i Fredrikshamn i Finland då kapteinen, andrestyrmannen, maskinmeisteren, hovmeisteren og fem andre av mannskapet drog til den vesle byen Faitsalmi, som låg tre kilometer unna. På veg attende til skipet skulle dei fraktast i ein fiskebåt. Den finske eigaren var særs rusa nekta å følgje rådet til broren om å reve segla. Han hadde òg med seg kona. Båten kolsegla i det dårlege vêret og alle ombord omkom. Berre sju av dei ni danskane vart funne att.[3] [4] Dei sju omkomne vart lagt i kister og skulle førast heim til Danmark, men 30. september gjekk det på grunn ved innløpet til København kalla «Tre kroner».[3] Seinare vart jungmannen ombord funnen i den finske skjergarden og gravlagd i Finland.[5]

I desember 1922 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for kring 770 000 kroner.[1] Skipet vart kjøpt samstundes med systerskipa «Skinfaxe» og «Gulfaxe». Dei to andre skipa fekk høvesvis namna DS «Vesta» og DS «Pollux». «Castor» gjekk inn ruta mellom London og Austersjøen, men etter kvart gjekk skipet i ruta til Vest-England med anløp i Glasgow, Manchester og Preston.

19. februar 1925 drukna to av mannskapet i Solheimsviken i Bergen då dei fall ut av ein travaljebåt og drukna. Skipet skulle forhale frå ankerplassen og to av mannskapet gjekk i båten for å få laus fortøyingane. Dei fekk laus den eine wiren, og då dei fekk laus den andre ropte dei ombord at dei kunne byrje å hiva denne ombord. Like etterpå høyrde ein eit rop om å stanse hivinga, og så eit skrik. Då taubåten DS «Titan» kom til staden stod båten på høgkant i vatnet. Ein sokna etter dei og den første vart funnen ganske raskt, og den andre etter kring tre kvarter, men livet stod ikkje til å berge for nokre av dei. Dei to var 16 og 21 år gamle. Truleg hadde dei festa wiren til båten for å bli dradd inn til skipet, og så har wiren kome under båten og velta han rundt.[6]

Skipet verka å ha ein lagnad med å miste menn overbord. 8. desember 1925 fall båtsmannen på «Castor» overbord etter avgangen frå Preston i grov sjø. Mannen var grekar og i 30-åra.[7]

Utover i 1930-åra byrja «Castor» å gå i trampfart. Sommaren 1935 gjekk «Castor» ein tur til Vestindia.[8] I november 1936 var skipet på reise i Austersjøen då det kom ut for ein storm. Skipet fekk ein del skade på støtter, rekkjer og styreapparat. Det vart reparert i Hull, der det var på veg med last.[9] Like før jul same året var «Castor» på tur frå Drammen til Stettin i ballast då det kom ut for nok ein storm. Rorleidninga vart skadd og skipet dreiv mot svenskegrensa. Kapteinen snudde derfor skipet og segla inn til Larvik.[10]

8. februar 1940 segla «Castor» i konvoien HN 10 til Storbritannia med stykkgods.[11] Skipet må ha vore i Noreg 9. april 1940, for skipet hamna i heimeflåten og hamna i rute til Sverige og Tyskland. Ei kjelde skriv at skipet vart skadd av bomber i 1940, men nemner ingen detaljar om dette.[1]

I februar 1941 grunnstøytte «Castor» ved Varberg på svenskekysten. Det var mykje is i farvatnet og på grunn av isvanskane gjekk skipet på grunn ved ein stake. Mannskapet prøvde å få skipet av grunn for eiga hjelp, men det stod bom fast, og dei måtte få hjelp frå Halmstad. Beringsløna kom på 60 000 kroner.[12] Skipet gjekk igjen på grunn «to-tre ganger nordpå» i januar 1942. Skipet fekk stor skade og måtte i dokk.[13] Skaden vart taksert til 39 000 kroner og skipet i skadelidd tilstand vart taksert til 874 000 kroner.[14] I 1943 hadde «Castor» ein kollisjon i Egersund. Skipet låg under oppankring med kjetting ut på begge sider. Då straumen snudde, svinga «Castor» opp. Under opphivinga av ankera var det kome snurr på kjettingane, og ein måtte då slakke ut kjettingane att. Eit anna skip like ved svinga òg opp, i retning mot «Castor», som fekk ein bulk i platene på den eine sida.[15]

Ei kjelde skriv at skipet vart råka av ei mine nær Egersund den 24. november 1944, lagt av den fransk ubåten «Rubis», men vart berre skadd og forliste ikkje.[11]

I maidagane etter frigjeringa i 1945 gjekk «Castor» i dokk på Laksevåg for overhaling før det gjekk til Oslo for lasting i kystrute til Vestlandet og Nordland.[16] Utpå 1945 og i åra etter krigen gjekk skipet i trampfart.

I januar 1948 vart skipet kjøpt av finske eigarar i Gamlakarleby, A/B Tankar Steamship Co. Ltd. Det fekk då namnet «Tankar». Ein av dei siste turane skipet gjorde for BDS var til Frankrike i februar 1948.

I 1955 vart skipet kjøpt av A/B Andersson Steamship Co. Ltd. i same by og med same namn. Året etter kjøpte Varustana O/Y Sisukas Rederi skipet og det hamna i Helsingfors med namnet «Sisukas». I 1963 vart skipet kjøpte P/R Sisal (Fenno Steamship Ltd. O/Y) i Helsingfors og det var omdøypt til «Sisal».

Den 10. oktober 1963 kom skipet til Brugge i Belgia for opphogging.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 640 brt, 933 nrt og lasteevna var 2 400 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 350 , Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av verftet i Helsingør. Oppgjeven yting var 600 iHk (indikerte hestekrefter) og 158 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1]

I 1928 vart det sett inn doble vinsjar til luke 2 og i 1931 fekk skipet straumlinjeror. Eit peileapparat vart sett inn i 1933 og i 1939 fekk skipet radio

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Castor». Sjøhistorie,no. Henta 5, mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 42. Henta 12. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 «De danske sjømænds forlis». 1ste Mai. 2. oktober 1922. s. 3. Henta 12. mai 2020. 
  4. «Danskerne som omkom i Finland». Bergen: Bergensk Tidende. 20. september 1922. s. 2. Henta 12. mai 2020. 
  5. «Rødfaxe-ulykken». Social-Demokraten. 30. september 1922. s. 1. Henta 12. mai 2020. 
  6. «To mand druknet i Solheimsviken». Bergen: Bergensk Tidende. 19. februar 1925. s. 5. Henta 12. mai 2020. 
  7. ««Castor» har mistet baadsmanden». Bergen: Bergensk Tidende. 11. desember 1925. s. 7. Henta 12. mai 2020. 
  8. «Fraktede norske skip». Bergen: Bergensk Tidende. 28. mai 1935. s. 9. Henta 12. mai 2020. 
  9. «Norske skip utsatt for havarier». Bergen: Bergensk Tidende. 20. november 1936. s. 11. Henta 12. mai 2020. 
  10. ««Castor» måtte søke nødhavn». Bergen: Bergensk Tidende. 22. desember 1936. s. 15. Henta 13. mai 2020. 
  11. 11,0 11,1 «D/S Castor». Warsailors.com. Henta 13. mai 2020. 
  12. «Bergenskes «Castor» har vært på grunn». Bergen: Bergensk Tidende. 3. mars 1941. s. 2. Henta 12. mai 2020. 
  13. ««Castor» har vært på grunn». Bergen: Bergensk Tidende. 3. mars 1942. s. 2. Henta 12. mai 2020. 
  14. ««Castor»s grunnstøtning». Bergen: Bergensk Tidende. 1. september 1942. s. 2. Henta 12. mai 2020. 
  15. «Kollisjonssak». Bergen: Bergensk Tidende. 29. april 1943. s. 2. Henta 12. mai 2020. 
  16. «Havnen». Bergen: Bergensk Tidende. 26. mai 1945. s. 3. Henta 13. mai 2020.