MS «Venus» (1931)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Venus in Bergen.png
«Venus» i Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Venus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark
Byggekostnad: 5 220 689 kroner[1]
Verftsnummer: 198
Jomfrutur: april 1931
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDSV - LJRK
Lagnad: Opphogd 1968
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 5 407 brt, 2 867 nrt
Daudvekt: 1 760 tdw.
Lengd: 398,5 fot (121,5 m)
Breidd: 54,2 fot (16,5 m)
Djupgang: 26,6 fot (8,1 m)
Installert effekt : BHK 9 000 NHK 1 117
Framdrift: 2 stk. 10 cyl. 4T dieselmotor (Burmeister & Wain, København)
Fart: 19,5 knop
Passasjerar: 277 passasjerar
Mannskap: 60
Generelle mål Etter ombygginga 1945-1948
Tonnasje: 6 269 brt, 3 521 nrt
Daudvekt: 2 200 tdw.
Passasjerar: 460 passasjerar

MS «Venus» (kallesignal LDSV - LJRK) var eit motorskip bygt i 1931 som passasjer- og lasteskip som Englandsbåt for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet gjekk i rute mellom Bergen og Newcastle.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Dette skipet var kalla opp etter planeten Venus og var det andre skipet i flåten til BDS med dette namnet, etter DS «Venus» frå 1890.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kong Haakon VII går ombord på «Venus» 30. april 1931.

Skipet vart bygt ved Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark og kosta 5,2 millionar kroner[1] då det vart levert i april 1931, det klårt dyraste skipet BDS hadde eigd til då.[2] Den første offisielle prøveturen gjekk 29. april i Helsingør med 150 inviterte gjester. Blant gjestene var den norske konsulen i Helsingør, ei rekkje direktørar og velståande kjøpmenn.[3] 30. april 1931 gjekk «Venus» til Oslo for å visast fram for kongen og representantar av regjeringa og Stortinget på Oslofjorden. Det var talar av direktør Kristofer Lehmkuhl, kongen, stortingspresident Hambro og statsråd Oftedal. Kongen gratulerte selskapet med det nye skipet og utbringa ein skål på vegne av fedrelandet og meinte at eit så vakkert skip som «Venus» måtte vere til gang for heile landet.[4] 2. mai vart det gjennomført nok ein tur på Oslofjorden med 200 inviterte gjester frå næringsorganisasjonar, viktige forretningsfolk og reiselivs- og hotellfolk frå både Noreg og Sverige.[4] Kring 100 passasjerar var med «Venus» frå Oslo til Bergen, deriblant statsminister Mowinckel, ei rekkje representantar for handelsdepartementet og shipping- og forretningsfolk, i tillegg til direktør Christensen ved verftet i Helsingør som hadde med ei gåve til Bergen Sjøfartsmuseum, ein modell av ein fregatt frå 1672. Tusenvis av tilskodarar var møtt opp på Skoltegrunnskaien for å helse på det nye skipet då det ankom 3. mai. Eit musikkorps spelte Bergenssongen ombord på DS «Hardangerfjord», medan det vart skote salutt frå DS «Rosendal».[5]

5. mai vart det ein tur på fjorden utafor Bergen med lunch ombord for 300 inviterte gjester. Den danske kongen Christian inviterte seg sjølv ombord, då han gjerne ville sjå skipet som vart rekna som ein triumf for danske skipsverft. Etter å ha sett skipet uttalte han at det berre var ein feil ved skipet: at det ikkje tilhøyrte eit dansk reiarlag.[6]

Jomfruturen frå Bergen til Newcastle vart 6. mai 1931.[7] Med på turen var førstemaskinisten på DS «Britannia», det første skipet som gjekk i rute mellom Bergen og Newcastle. Skipet hadde med 70 passasjerar, 45 på første plass og 35 på andreplass. Med var mellom anna direktør Lehmkuhl og fleire andre høgtståande folk i BDS. Den første overfarten tok tjue timar, men då måtte skipet stoppe ein halvtime i innseglinga på grunn av tåke.[8] På same vis som i Bergen og Oslo, vart det «Venus» presentert med ein tur på sjøen i Newcastle for prominente gjester.[7]

31. mai segla dronning Maud med «Venus», etter å ha vitja det britiske kongeparet i Windsor.[9] Dronninga vart møtt av kongen sjølv på kaien og etter å ha drukke te på Gamlehaugen gjekk reisa vidare til Oslo med nattoget. Dronninga kom til å reise med «Venus» til England mange gonger i løpet av 1930-åra. Òg andre storfine folk segla med skipet, som den thailandske kongefamilien i 1936.

6. september 1931, då «Venus» skulle legge til kai i Bergen, vart wiren som får akterskipet skulle festast til kaien slakka for mykje av, og vart vikla inn i den eine propellen. Ein dykkar fekk av wiren og skipet fortsette til Newcastle dagen etter. Det viste seg derimot at hylsa til propellen vart blitt skadd, og skipet gjorde derfor overfarten på ein propell. Skipet vart sett i dokk i Newcastle for å reparere skaden.[10]

Seint i april 1934 vart skipet leigd inn av Handelsforening for ei reise til Shetland, der dei skulle ha møte.[11] Turistsesongen 1934 vart særs bra for landet og «Venus» bidrog til dette med britiske turistar. Til saman frakta «Venus» mellom anna 200 bilar denne sommaren.[12]

18. februar 1935 var det ei ulukke ombord på «Venus» som nær kosta eit menneskeliv. Ein var i ferd med å hive ombord ein del tørrfiskbuntar, og då hivet var komen omtrent midt over lasteluka raste heile stasen ut og ein av fiskebuntane råka ein engelsk fiskekontrollør, som stod ved lukekanten, i hovudet. Han fall ned og mista dels medvitet og vart køyrt til Naudhjelpestasjonen. Mannen vart etter behandling køyrt heim og politiet oppretta ei etterforsking for å finne ut korleis det heile kunne skje.[13]

I heile februar 1936 låg skipet i dokk og fekk pussa opp 1. klasse med 22 nye lugarar.[14]

Berginga av «Trym»[endre | endre wikiteksten]

18. januar 1937 bles det orkan i Nordsjøen og DS «Trym» av Trondheim sende kl. 21.15 ut SOS-signal med melding om at skipet hadde brekt rorleidninga og dreiv hjelpelaust omkring i det ofselege uvêret. «Venus» og Ostasiatiske Compani sitt MS «Panama» av København telegraferte raskt attende om at dei var på veg til havaristen. Kl. 22 telgraferte kapteinen på «Trym»: «Vi synkler langsomt. Er der nogen nær oss?» «Venus» låg på det tidspunktet seks timar. Utsira radio sette i gang autoalarm som varsla alle skipstelegrafistar på skip i nærleiken om at dei ønskte samband med dei, i håp om at det var skip som låg nærare enn «Venus» og «Panama». Seinare melde «Venus» at dei trass i uvêret kunne kome fram til havaristen på tre timar. Kl. 0030 melde «Venus» at dei var like i nærleiken av «Trym», og bad dei sende opp naudrakettar kl. 0100 slik at dei skulle få auge på dei. Ein trålar var då komen fram til «Trym», som sende opp mange rakettar utan at nokon på «Venus» såg dei. Kl. 0130 var sikte enno dårlegare på grunn av tett snø.[15] Kl. 0500 var «Venus» enno ikkje komen nær «Trym», som telegraferte at situasjonen var kritisk, men at pumpene enn så lenge klarte å halde skipet flytande. Kl. 0620 telegraferte «Venus» at dei var komen opp til havaristen, der dei venta på dagslys og betre vêr. Kl. 1115 melde «Trym» at situasjonen enno ikkje hadde forverra seg, at pumpene gjekk for fullt og at lukene heldt. Vêret var likevel like hardt som det hadde vore om natta, men vêrvarslinga meinte at det var betring i vente, med langt rolegare vind ein håpa ville trekke noko austover og inn over havaristen.[16][17]

Kl. 2055 gjekk ein ofseleg brottsjø over «Trym» og telegrafisten ombord telegraferte då: «Kommer dere ikke snart? Det er snart ute med oss.» «Venus» svara: «Vi ber dere holde ut. Vi er snart ved eders side.» Ein ny brottsjø slo over «Trym» og det hamna vatn inn i maskinrommet.[18] «Venus» pumpa olje på sjøen for å dempe dei verste brottsjøane.[18] Eine livbåten til «Trym» var knust og den andre låg så langt ned i sjøen på grunn av slagsida til skipet at det ikkje kunne settast på sjøen. «Venus» sette derfor ein livbåt på sjøen med ei line i, men straks denne var komen på sjøen vart livbåten knust langs skipssida.[18] Ein valte derfor å vente på betring i vêret. På kvelden den 19. januar kom dei to skipa frå kvarandre i snøtjukke, men kl. 2130 hadde «Venus», trass i orkanen, funne attende til «Trym».

I 0630-tida hadde vinden løya nok til at det vart sett ein livbåt på vatnet. I grov sjø klarte åtte mann frå «Venus» å manøvrer seg fram til «Trym». Her var det stor fare for å kome inn under slingrekjølen til skipet, noko som hadde ville knust livbåten. På grunn av den kraftige vinden klarte dei ikkje å kaste ei line over til «Trym». Lettmatros Perry Opsal på «Trym» gjekk derfor i sjøen og klarte å symje over frå havaristen til livbåten med ei line.[19] Då fem mann av besetninga var halt ombord ved hjelp av lina, vart livbåten dregen forbi baugen på «Trym» og dei måtte kutte lina. Det vart eit ofseleg slit å kome seg attende til «Venus» og roturen tok ein og ein halv time. Ein etter ein vart mennene ombord heist opp til «Venus». Dekksguten på «Trym» var så utmatta at han fall ned frå leideren og ned i sjøen mellom skipet og livbåten. Han kom så under livbåten, og unngjekk slik å bli knust mellom livbåten og skipssida, før det lukkast å få han opp på «Venus» ved hjelp av ei line.[19] Livbåten måtte dei berre la gå, då det var umogeleg å heise han opp frå sjøen.[20] For å berge resten av mannskapet på «Trym», vart det skoten ei line over til skipet for å opprette ein redningsstol ved hjelp av ein livbøye, og ved hjelp av denne klarte dei å få berga dei resterande 13 mennene over til «Venus».[21] Heile bergingsoperasjonen tok fire timar.[19] Seinare vart det leita etter «Trym», men skipet var då søkkje.

«Venus» segla vidare til Newcastle etter alle var velberga ombord. Det var blitt skadar ombord på «Venus» og dører på 2. klasse var slått inn. Alle passasjerane og det berga mannskapet frå «Trym» vart derfor plasserte på 1. klasse. I Newcastle venta tusenvis av menneske og sirener frå fabrikkane i byen ulte for å heidre bergingsmannskapet.[22]

Heile redningsdåden fekk brei omtale i media, på begge sider av Nordsjøen, og britiske aviser omtalte det som den mest heroiske redningsdåden dette hundreåret og skildra kaptein Dreyer som ein klok, roleg og meisterleg viking.[23] I tillegg fekk bergingsmannskapet, lettmatros Oppsal og telegrafisten ombord på «Trym» stor heider. Telegrafisten, Gade Sørensen, sat 48 timar i strekk ved telegrafen og sende ut og tok i mot meldingar, i tillegg til at han klarte å handsame peileapparatet i den grove sjøen, slik at «Venus» fann fram til havaristen.[24] Stavanger Aftenblad skreiv: «Vi kan bare tenke oss hvilke anstrengelser, hvilket mot og hvilket sjømannskap det ligger bak de korte radiomeldinger fra «Venus». Vi kan bare løfte på hatten i ærbødighet for det sjøens adelsskap som her har gitt seg sig et nytt lysende utslag. Når det gjelder å redde kamerater i livsfare er det ingen opofrelse for stor, ingen vanskelighet uovervinnelig. Redingen av «Trym»s mannskap vil få sin fortjente plass i sjøfartshistorien. Ikke bare de reddede fra vraket i Nordsjøen, men hele landet vil idag takke «Venus» for velgjort. En dåd av norske sjøfolk. Hvor fartøi flyte kan, der er han første mann.»[25] Under ein middag på slottet i Oslo 21. januar heldt kongen ein tale der han mellom anna takka bergingsmennene på «Venus».[26]

Under overfarten attende til Bergen måtte «Venus» igjen gå til eit skip i nød, stavangerskipet «Veni». I 1700-tida hadde skipet sendt ut SOS-signal etter å ha brekt roret. DS «Jupiter» nådde fram til havaristen først og pumpa olje på den grove sjøen, men gjekk nesten tom for olje før «Venus» nådde fram. «Venus» telegraferte «Keeping smiling. Snart fremme.» Samstundes var bergingsfartøya DS «Jason» og DS «San Andreas» på veg frå Kristiansand. Kl. 2350 kom «Venus» fram til havaristen og byrja å pumpe olje. Utpå morgonen forlet «Venus» havaristen, medan «Jupiter» vart verande att. «Venus» hadde då ikkje meir olje enn det måtte ha for å kome seg fram til Bergen. Dette gjorde at «Venus» vart forseinka til den store mottakinga som var planlagt for skipet i Bergen.[27]

«Venus» fekk ei stor mottaking då det kom attende til Bergen. Truleg var det møtt fram 25 000 menneske.[28] Alle båtar som låg i Bergen tuta i fløyter og tåkelurar. I det skipet klappa til kai spelte divisjonsmusikken «Den norske sjømann» og ordføraren i Bergen ønskte redningsmennene velkomen med ein tale, før det vart sunge «Ja, vi elsker». I Domkyrkja vart det stelt i stand ei takkegudsteneste. I tillegg var det òg ei markering og innsamling for enkja etter båtsmannen på «Venus» som vart skylt på sjøen av ein stor sjø under overfarten veka før bergingsaksjonen.[29]

Opsal frå «Trym» og dei av besetninga på MS «Venus» som deltok direkte i redningsaksjonen vart tildelt medaljen for edel dåd. Førstestyrmann Brynjulf Bjarnir og ni besetningsmedlemmar vart den 6. februar 1937 tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.[30] Fleire av besetningsmedlemmane på «Venus» fekk òg ein minnesmedalje i sølv av Britiske Lloyd og ein bronseplakett til å hengast på skipet.[31] Opsal fekk òg 10 000 kroner i gåve frå Oslo by.[32]

Framover mot krigen[endre | endre wikiteksten]

3. april 1938 var det ein vårstorm i Nordsjøen og «Venus» fekk skadar på skansekledninga då eit par svære brottsjøar slo over skipet.[33]

I oktober 1938 behandla Hamnedirektoratet ein klage frå Fitjar kommune om at «Venus» og det nye skipet MS «Vega» gjekk med for stor fart gjennom Langenuen, slik at småbåtar langs leia vart skadde.[34]

Vinteren 1938/1939 deltok «Venus» i eit prøveprosjekt med radiofyr langs kystleia i Newcastleruta. Prøvane var lovande, men sidan tonen på fyra var den same, var det vanskeleg å skjelne dei frå kvarandre.[35] Våren 1939 gjekk skipet til klassifisering ved Burmeister og Wain i København for to månader.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

«Venus» kom til Bergen den 6. september, etter at andre verdskrigen var brote ut. På overfarten hadde eit bombefly krinsa kring det fleire gonger, men hadde ikkje gått til åtak.[36] Skipet gjekk ikkje fleire turar over til England denne hausten og gjekk i opplag i lag med «Vega» i Damsgårdssundet. Dette var verdifulle skip og mindre verdifulle skip vart nytta i Englandsfarten i staden. Under eit uvêr 10. november 1939 gav botnfesta til bøyene skipa låg ved etter, og dei vart flytta til Kirkebukten, der dei hadde landfeste.[37] På eit tidspunkt før krigen braut ut i Noreg, vart desse to skipa, i tillegg til MY «Stella Polaris», flytta til Stanghelle i Osterfjorden.

På eit tidspunkt etter 9. april vart «Venus» rekvirert av Kriegsmarine og henga frå Osterfjorden til Austersjøen under tysk flagg. Skipet vart gjeve attende til BDS den 16. oktober 1940, men rekvirert på ny 8. mai 1941. Det vart då ombygd ved Neptunwerft i Rostock, der interiøret vart fjerna. Skipet vart nytta som målskive for den 26. ubåtflotiljen i Pillau. 20. mars 1945 vart det bomba og søkkt på grunt vatn av allierte fly i Walterhofer Hafen ved Hamburg.[38] Ei bombe råka aktre forluke, men det var ei bombe som traff like ved sidan av skipet og som flerra open skutesida som gjorde at det sokk. Delar av skipet vart liggande over vatn.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

I juni 1945 vart det undersøkt om det var mogeleg å berge «Venus» sidan ho låg på grunn farvatn. Ein kom fram til at det var mogeleg og 12. september vart det meldt om at «Venus» var berga, men at det kom til å koste millionbeløp å reparere skadane.[39] Det vart buksert til Helsingør for reparasjon, der det ankom 29. september. 31. august 1946 vart det slept vidare til Aarhus for vidare arbeid. Ein hadde håpa å få attende skipet til sommaresesongen 1947, men det var klart at det ikkje kom til å bli klart før tidlegast hausten 1947.[40] 19. april 1947 var skipet attende i Helsingør. Frå 23. juli til 9. august 1947 låg skipet i dokk hos Burmeister & Wain i København. Frå 9. august til 27. november 1947 vart det utført vidare arbeid i Helsingør. Skipet gjekk så til Landskrona i Sverige, der det låg i dokk fram til 14. desember. Nok ein gong gjekk skipet attende til Helsingør for å fullføre reparasjonane. Den første prøveturen gjekk 21. mars 1948.

Eit lasterom på skipet vart sløyfa og passasjertilhøva vart gjort større, samstundes som det vart innreidd ein garasje. Etter ombygginga kunne skipet ta 143 passasjerar på 1. plass, 257 på 2. plass, i tillegg til 60 på ein billigare plass rekna for ungdommar som reiste i grupper. I alt 460 passasjerar totalt, mot 278 passasjerar før krigen.[41] Baugen vart meir moderne, og både dekkshus og brua vart endra til meir straumlinjeforma krav.[42] Reparasjonen kosta kring 16 millionar kroner.[43]

3. mai 1948 vart over 200 inviterte gjester med skipet frå København, mellom andre prins Axel av Danmark og kona hans prinsesse Margretha av Sverige. 4. mai var skipet komen til Oslo for å visast fram, der ein var samde om at det framleis var rett å kalle skipet «Nordsjøens Dronning».[43] Det var lunch ombord for kongen, kronprinsen og kronprinsessa og ei lang rekkje utanlandske og norske gjester. Kongen sa det hadde vore ei glede å igjen få «Venus» «i sin nye, vakre skikkelse».[44] Dagen etter segla «Venus» inn til Bergen, etter å ha vore innom Stavanger og Hagesund. Seks tusen menneske hadde møtt opp på kaien og Divisjonsmusikken spelte «Jeg tok min nystemte». Med på reisa frå Oslo var stortingspresident Fredrik Monsen, statsminister Einar Gerhardsen, statsrådar, høgtståande militære, ordføraren i Bergen, ambassadørar, og ei rekkje andre representantar for styresmaktene og næringslivet.[45] 8. mai gjekk den første turen til England etter restaureringa, først til London, med anløp i Newcastle på tilbaketuren til Bergen.[46]

Kvar vintersesong frå desember til april frå 1948 til ut i 1960-åra vart «Venus» sett i ti-dagarsturar frå Southampton i Storbritannia til Madeira og Tenerife. Den første turen gjekk av stad vinteren 1948/1949.[47] Før avgang til Southampton hadde skipet fått fleire tekniske oppgraderinger i Bergen, mellom anna eit trykkeri, og i Southampton gjekk det i dokk for å skifte propellar.[48] 22. april 1949 vart farten til Kanariøyane avslutta for denne sesongen.[49] Sesongen i Noreg vart starta i slutten av mai då Iron and Steel Institute nytta «Venus» til årsmøte i Noreg, med avgang frå Newcastle og anløp i Oslo, Kristiansand, Hardanger der Odda var storindustrien der var målet, Sognefjorden og Årdal, før det kom til Bergen 3. juni etter ti dagars seglas.[50]

På sommarsesongane gjekk «Venus» elles i vanleg fart til Newcastle. Mellom kvar sesong var skipet til dokk for oppussing.

«Venus» i Odda kring 1950.

29. september 1950 vart ein dekksgut på «Venus» råka av ein kasse på 500 kg under lossearbeidet, og braut lårbeinet.[51] I november 1950 vart skipet chartra for to turar frå Liverpool til Middelhavet.[52]

28. januar 1951 deltok «Venus» i ein bergingsaksjon utafor den spanske nordkysten. Det Panama-registrerte skipet «Janko», som hadde norske offiserar og italiensk mannskap, brakk i to under ein storm og sende ut naudsignal. «Venus» fann forparten av «Janko», men klarte ikkje å få ei line ombord til havaristen. Nokre av folka som var ombord på «Janko» sleppte seg i sjøen og «Venus» sette livbåtar på vatnet for å berge dei, men dei klarte det ikkje. Omsider klarte dei å få skote ei line over til «Janko» og sju mann vart firt over til «Venus». Den norske styrmannen Dybdahl Henriksen klarte seg derimot ikkje og omkom. 15 mann vart berga frå akterenden av «Janko» av Panama-skipet «Capella».[53]

Hausten 1952 og 1953 gjorde «Venus» nokre sydenturar frå Plymouth før ho seinare gjekk inn i den vanlege vinterfarten sin frå Southampton. Det same gjorde ho hausten 1954, men denne vinteren vart Plymouth fast avgangshamn for vinterturane sørover 1955-1957, før det igjen gjekk over til Southampton.

23. mars 1955 låg «Venus» oppankra i Plymouthbukta då det vart utsett for ein storm. Skipet vart teke av vinden og dreiv mot Mountbatten-skjera utafor Plymouth, der det gjekk på grunn. Skipet låg med babord side mot land og fekk enkelte lekkasjar.[54] Fleire andre skip i området fekk òg problem. Tre taubåtar kom til om morgonen for å prøve å trekke skipet av grunna, men det gjekk ikkje. Alle ombord, utanom naudsynt, mannskap vart sett i land og frakta over tørt land då det var fjøre sjø.[55] Ein tredjedel av skipet stod fast på grunna, og det viste seg vanskeleg å få skipet laust. Store skadar var synleg i botnen av skroget. I tillegg var det lekkasje og vatn som trengde inn i enkelte av lugarane. Trykkfluft vart nytta til å halde vatnet ute.[56] Resten av turane til «Venus» denne vinteren vart avlyste. Bergingsmannskapa sette sin lit til 26. mars, då det var springflo. Om dei ikkje klarte det då kom det til å gå ein månad før vasstanden kom til å bli like høg att.[56] Om morgonen klarte ein å dra skipet av grunna på det fjerde forsøket. Alt mogeleg lausøyre vart sett i land for at skipet skulle vere så lett som mogeleg under operasjonen. «Venus» hadde då slagside til babord då det kom flott att og vart slept til Millbay Docks i Plymouth. Ytterplatene i botnen var riven opp og det var lekkasje i tankane forut og midtskips.[57] Skipet vart så undersøkt av dykkarar for å få fullt oversyn over skadane. «Venus» vart i april frakta til Amsterdam for å reparerast der.[58] 31. mai var skipet komen til Bergen og var klar for turistsesongen den sommaren.

I februar 1957 vart ein steward ombord på «Venus» dømd til seks månader i fengsel i Southampton for eit forsøk på å smugle i land 20 000 sigarettar medan skipet låg forankra i hamna.[59]

«Venus»

Vinteren 1960-1961 var første sesongen «Venus» ikkje gjekk til Kanariøyane og låg då i opplag i Bergen. Frå april 1961 gjekk det i ruta til Newcastle som vanleg. I desember 1961 gjekk skipet til Malmø for å ta svenske turistar på eit julecruise til Spania, Marokko, Madeira og Kanariøyane.[60] Resten av vinteren 1962 låg det i opplag i Bergen. Hausten 1962 hadde det ein tur frå Southampton til Maderia og Kanariøyane, men gjekk elles det meste av året i Newcastleruta, før det igjen vart lagt i opplag for vinteren i desember 1962. Hausten og jula 1963 hadde skipet to turar frå Southampton til Kanariøyane. I januar 1964 gjekk det elles i rute til Newcastle, før det i februar vart lagt i opplag til våren kom og det igjen vart sett inn i ruta.

23. mai 1964 gjekk «Venus» på grunn på ein sandbanke ved munningen til Tyne i tett tåke. Skipet hadde då 150 passasjerar ombord. Skipet vart trekt av grunna ved flo sjø.[61] Det hadde ingen skade og hadde ikkje behov for å gå i dokk.[62]

Jul- og nyårshelgene 1964 og 1965 gjekk «Venus» på cruise til Kanariøyane frå Southampton. I mars og april 1965 hadde det to cruise til Middelhavet og dei greske øyane. Frå mai til september 1965 gjekk skipet i ei ny direkterute frå Stavanger til Newcastle, men hadde framløps enkelte anløp i Bergen.[63] I mars 1966 segla «Venus» til Lübeck med hundre passasjerar for å overvære sjøsetjinga av det nye skipet til BDS, MS «Jupiter», som var eigd i lag med Fred Olsen. Seinare i månaden segla det på cruise til Middelhavet, og var heilt aust til Haifa i Israel. Første del av sommaren 1966 fortsette «Venus» i ruta til Newcastle, før det i juli dette året veksla mellom å segle til Newcastle og Rotterdam. Hausten 1966 gjekk det derimot i Newcastle-ruta. Våren 1967 var det igjen cruise til Middelhavet. Sommaren 1967 og 1968 segla «Venus» i cruisefart mellom Rotterdam og Vestlandet og frå 5. juni til 28. august var «Venus» kvar måndag i Balestrand. Skipet segla òg til Hardangerfjorden og Geiranger.

Hausten 1968 gjekk seglingsdispensasjonen til «Venus» ut, og BDS la skipet ut for sal. Det var planlagt fire cruise denne hausten frå Southampton til Kanariøyane, men desse vart avlyste på grunn av dårleg billetsal. [64] I september var skipet likeve på tur til Kanariøyane og kom attende til Southampton 4. oktober, og 5. oktober var det komen til Bergen for å gå i opplag. Etter få dagar vart det kjend at skipet var blitt kjøpt av Shipbreaking Industries Ltd. for opphogging. Verdifulle gjenstandar og kunst vart fjerna frå skipet i Bergen.[65] 17. oktober 1968 segla skipet for siste gongen ut frå Bergen på veg til Glasgow. Bergens Tidende skildra avreisa på framsida av avisa: «Den 36 år gamle Nordsjø-dronningen la ut fra kaien på Laksevåg og satte kursen tvers over Puddefjorden mot Nordnes og gjorde en elegant sving utenfor Skoltegrunnskaien, hvor den har lagt til i alle år. Med en serie dype drønn fra fløyten sendte den en siste hilsen innover byen og øyeblikkelig kom det svar fra en rekke båter fra havnen, dype dundrende støt og tynne høye pistrefløyterom hverandre hilste den stolte skuten farvel. Og så ble kursen satt vestover, for siste gang rundet «Venus» Kvarven og forsvant ut av sikte fra byen slik hundrevis av stolte skuter har gjort før henne.»

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 5 407 brt, 2 867 nrt og lasteevna var 1 760 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 716  der 1 722 m³ var kjølerom. Maskineriet bestod av to stykk 10-sylindra 4-takts dieselmotorar, levert av Burmeister & Wain i København. Oppgjeven yting var 9 000 bHk (bremsande hestekrefter) og 1 117 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 19,5 knop.[1]

Skipet hadde rom til 201 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 76 på 3. plass.[1] 1. klassen vart ombygd i 1936.

Etter ombygginga og reparasjonen i 1945-1947 var tonnasjen auka til 6 269 brt., 3 521 nrt med ei lasteevne på 2 200 dødvekttonn. I 1953 vart skipet ombygd på ny med stabilisatorar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «M/S Venus». Sjøhistorie.no. Henta 2. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 25. Henta 2. august 2020. 
  3. ««Venus» går prøvetur med mange celebre gjester». Bergen: Bergens Tidende. 30. april 1931. s. 9. Henta 2. august 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Kongen og statsmaktene gjester «Venus»». Bergen: Bergens Tidende. 2. mai 1931. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  5. ««Venus» kom til Bergen igår middag». Bergen: Bergens Tidende. 4. mai 1931. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  6. ««Venus» presenteres i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 6. mai 1931. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Bergenskes nye «Venus»». Bergen: Bergens Tidende. 30. mars 1931. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  8. ««Venus» bruker bare 20 timer». Bergen: Bergens Tidende. 7. mai 1931. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  9. «Dronning Maud til Bergen 17. mai». Bergen: Bergens Tidende. 29. april 1931. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  10. ««Venus» over Nordsjøen med bare én propell». Bergen: Bergens Tidende. 10. september 1931. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  11. «I Vesterveg med «Venus» til Sjetland». Bergen: Bergens Tidende. 30. april 1934. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  12. «1934 - turisttrafikkens rekordår». Bergen: Bergens Tidende. 1. september 1934. s. 4. Henta 2. august 2020. 
  13. «Fikk en fiskebunt i hodet». Bergen: Bergens Tidende. 18. februar 1935. s. 3. Henta 2. august 2020. 
  14. «Bergenskes «Jupiter» skal utføre to-ukentlige seilingeri Englandsruten». Bergen: Bergens Tidende. 11. april 1936. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  15. «Trondheimsbåten «Trym» synkeferdig i orkan i Nordsjøen». Bergen: Bergens Tidende. 19. januar 1937. s. 6. Henta 2. august 2020. 
  16. «Venus og Trym: Stillingen litt lysere iformiddag». Bergen: Bergens Tidende. 19. januar 1937. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  17. ««Venus» står fremdeles «Trym» bi». Bergen: Bergens Tidende. 19. januar 1937. s. 12. Henta 2. august 2020. 
  18. 18,0 18,1 18,2 ««Venus» pumpet uavlatelig olje på sjøen for å dempe brottene». Bergen: Bergens Tidende. 20. januar 1937. s. 5. Henta 2. august 2020. 
  19. 19,0 19,1 19,2 «Livbåten fra Venus blev kastet like inn under Trym's slingrekjøl». Bergen: Bergens Tidende. 22. januar 1937. s. 5. Henta 2. august 2020. 
  20. «Det tok halvannen time å ro livbåten tilbake fra «Trym» til «Venus»». Bergen: Bergens Tidende. 21. januar 1937. s. 4. Henta 2. august 2020. 
  21. «Redingsdåden er fullbragt: Etter 33 timers kamp i orkan og snetykke reddet Venus idagmorges Tryms 19 manns besetning fra den visse død i Nordsjøen». Bergen: Bergens Tidende. 20. januar 1937. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  22. «Sjøfartsbyen Newcastle gav Venus en begeistret og vakker mottagalse». Bergen: Bergens Tidende. 22. januar 1937. s. 15. Henta 2. august 2020. 
  23. «Vikingånden levet i Nordsjøen i går». Bergen: Bergens Tidende. 21. januar 1937. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  24. «Radiotelegrafistens innsats i Tryms mannskaps berging». Bergen: Bergens Tidende. 23. januar 1937. s. 4. Henta 2. august 2020. 
  25. «Andre har ordet». Bergen: Bergens Tidende. 21. januar 1937. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  26. «Kongen minnes Loen ulykkens ofre». Bergen: Bergens Tidende. 22. januar 1937. s. 4. Henta 2. august 2020. 
  27. «Venus og Jupiter til assistanse for stavangerbåten Veni». Bergen: Bergens Tidende. 25. januar 1937. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  28. «Bergen tar imot «Venus»». Bergen: Bergens Tidende. 25. januar 1937. s. 14. Henta 2. august 2020. 
  29. «Velkomst for redningsmennene på Venus». Bergen: Bergens Tidende. 22. januar 1937. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  30. «Redningsmennene og de reddede hedres». Bergen: Bergens Tidende. 5. februar 1937. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  31. «Besetningen i Ledas livbåt fikk sine medaljer i går». Bergen: Bergens Tidende. 6. mars 1937. s. 11. Henta 2. august 2020. 
  32. «10,000 kroner til Harald Hansen og Perry Opsal». Bergen: Bergens Tidende. 25. januar 1937. s. 14. Henta 2. august 2020. 
  33. «Stormen». Bergen: Bergens Tidende. 4. april 1938. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  34. «Er klagene over skipsgangen gjennem Langenuen uberettiget?». Bergen: Bergens Tidende. 25. oktober 1938. s. 3. Henta 2. august 2020. 
  35. «Lovende prøver med radiofyrene». Bergen: Bergens Tidende. 26. januar 1939. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  36. «Gjennem et mørklagt Europa». Bergen: Bergens Tidende. 9. september 1939. s. 3. Henta 2. august 2020. 
  37. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 11. november 1939. s. 10. Henta 2. august 2020. 
  38. «M/S Venus». USA: Warsailors.com. Henta 2. august 2020. 
  39. «Bergenskes «Venus» berget i Hamburgs havn». Bergen: Bergens Tidende. 12. september 1945. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  40. ««Stella Polaris» inn i Englandsruten». Bergen: Bergens Tidende. 27. januar 1947. s. 3. Henta 2. august 2020. 
  41. «18 millioner til å reparere fire skip». Bergen: Bergens Tidende. 12. mai 1947. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  42. ««Venus» blir påny «Nordsjøens Dronning»». Bergen: Bergens Tidende. 22. juli 1947. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  43. 43,0 43,1 ««Nordsjøens Dronning» i ny skikkelse». Bergen: Bergens Tidende. 4. mai 1948. s. 1. Henta 2. august 2020. 
  44. «Kongen gler seg over den nye «Venus»». Bergen: Bergens Tidende. 5. mai 1948. s. 4. Henta 3. august 2020. 
  45. ««Venus» fikk en strålende velkomst til hjemstavnbyen». Bergen: Bergens Tidende. 7. mai 1948. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  46. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 8. mai 1948. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  47. «Englandsruten i vinterhalvåret». Bergen: Bergens Tidende. 3. september 1948. s. 4. Henta 3. august 2020. 
  48. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 9. desember 1948. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  49. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 23. april 1949. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  50. «Iron and Steel Institute til Bergen med «Venus»». Bergen: Bergens Tidende. 25. mai 1949. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  51. «Arbeidsulykke». Bergen: Bergens Tidende. 29. september 1950. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  52. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 4. november 1950. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  53. «Livbåt fra «Venus» reddet seks mann utenfor Spanskekysten». Bergen: Bergens Tidende. 29. januar 1951. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  54. ««Venus» og flere andre skip i havsnød». Bergen: Bergens Tidende. 23. mars 1955. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  55. «Mislykket forsøk på å trekke «Venus» av». Bergen: Bergens Tidende. 24. mars 1955. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  56. 56,0 56,1 ««Venus»: Avtrekningsforsøket utsatt til i morgen». Bergen: Bergens Tidende. 25. mars 1955. s. 1 og 13. Henta 3. august 2020. 
  57. ««Venus» trukket av». Bergen: Bergens Tidende. 26. mars 1955. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  58. ««Venus» skal reparere i Amsterdam». Bergen: Bergens Tidende. 12. april 1955. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  59. «Ikke marked for smuglersigarettene». Bergen: Bergens Tidende. 21. februar 1957. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  60. «Bergensskip på cruise i julehelgen». Bergen: Bergens Tidende. 23. desember 1961. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  61. ««Venus» gikk på grunn i tett tåke». Bergen: Bergens Tidende. 23. mai 1964. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  62. ««Venus» til Bergen i rute etter uhellet». Bergen: Bergens Tidende. 25. mai 1964. s. 6. Henta 3. august 2020. 
  63. «Kapasiteten på hydrofoilen reduseres noe til sommeren». Bergen: Bergens Tidende. 29. januar 1965. s. 1. Henta 3. august 2020. 
  64. «BDS må kansellere fire Venus-cruise». Bergen: Bergens Tidende. 12. september 1968. s. 15. Henta 3. august 2020. 
  65. ««Venus» skjebne beseglet - ender på skraphaug i Glasgow». Bergen: Bergens Tidende. Henta 3. august 2020.