Henrik Frisak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Henrik Frisak
Fødd 18. juli 1852
Romedal
Død

1939

Henrik Leganger Frisak (18. juli 18521939) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsrepresentant frå Romedal i Hedmark.

Frisak var fødd i Romedal, faren var offiser i infanteriet. Sjølv vart han 1867 student frå Nissens skole i Kristiania, fem år seinare vart han cand. jur. 1874-75 var han stenograf i Stortinget, deretter 1875-78 fullmektig hos sorenskrivaren i Romsdal. I peridoen 1878-98 var han overrettssakførar i Ålesund. Frå 1898 til 1913 var han sorenskrivar i Sunnmør. Til sist, frå 1913, høgsterettsassessor i Kristiania.

I periodane 1890-95, 1899-1904 og 1908-10 var Frisak medlem av bystyret i Ålesund, ordførar 1902-04 og 1908-09. Elles var han direktør i Aalesunds Sparebank 1881-82, seinare mange år direktør i Landmandsbanken i Ålesund. Frisak representerte Ålesund og Molde på Stortinget 1910-12. Han var då medlem av Lagtinget, næringskomite nr 1 og den utvida justiskomiteen. Politisk høyrde han heime i Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]