Henrik Hagerup
Henrik Hagerup | |||
| |||
Fødd | 23. april 1806 Kalundborg | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mai 1859 (53 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Sjøkrigsskulen | ||
Far | Caspar Peter Hagerup | ||
Barn | Francis Hagerup, Henrik Steffens Hagerup | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab | ||
Alle verv |
|
Henrik Steffens Hagerup (23. april 1806–28. mai 1859) var ein dansk-norsk offiser, stortingsmann og statsråd, fødd i Kalundborg i Danmark og død i Karlsbad. Han var far til Francis Hagerup.
Far til Hagerup var borgarmeister i Trondheim. Sjølv gjekk han frå 1819 til -24 sjøkadettinstituttet i Fredriksværn. Deretter studerte han i Breslau og 1826-27 gjekk han på Den militære høgskulen i Christiania. Frå 1828 til -32 var han hydrograf ved kystoppmålinga i Nord-Noreg. Etter to år som skipper i fraktfart på Amerika, arbeidde han åra 1835-38 som trigonometrist under den geografiske oppmålinga av kyststroka i Troms og Finnmark. I tida 1840-44 var han lærar i artilleriet ved sjøkadettinstituttet. Han var medlem i fleire kommisjonar, mellom dei om loslova i 1849 og planlegginga av den framtidige sjøstyrken til det norske riket.
Hagerup representerte Jarlsberg og Larvik amt på Stortinget i tida 1848-54. I 1848 var han medlem i Militærkomiteen, Valkomiteen og komiteane om krigen i Danmark, om statslånet og om vernepliktslova. Tre år seinare var han med i Militærkomite nr 1, Valkomiteen, Adressekomiteen og komiteane om trykking og jarnbaneanlegg. I 1854 sat han i Militærkomiteen, Valkomiteen og komiteen om nøytralitetsløyvingar. 21. mars 1856 vart Hagerup utnemnd til statsråd og sjef for Marinedepartementet. Same året vart han forfremja til kontreadmiral.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914