Marinedepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Marinedepartementet i Noreg vart oppretta 17. november 1818 og erstatta det tidlegare 7. departement for sjømilitæretaten. Hamne- og kanalvesenet, som tidlegare låg under 5. departement, vart lagt inn under det nye departementet. Også Karantenevesenet vart lagt under Marinedepartementet.

Ved kongeleg resolusjon 6. juni 1861 vart Marinedepartementet og Postdepartementet slått saman til Marine- og postdepartementet, medan Karantenevesenet vart lagt til Indredepartementet.

1. september 1885 vart departementet slått saman med Armédepartementet til Forsvarsdepartementet.

Statsrådar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]