Ole Theodor Helliesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Theodor Helliesen
Fødd 22. januar 1818
Bodø
Død

24. august 1900 (82 år)
Danmark

Yrke tollar, jurist, politikar

Ole Theodor Harboe Helliesen (22. januar 181824. august 1900) var ein tollar og stortingsmann fødd i Bodø. Henrik Helliesen var far hans, Henrik Laurentius Helliesen bror hans.

Helliesen tok norsk juridisk eksamen i 1842. Seinare arbeidde han på tollkontor i Fredrikshald, Trondheim og frå 1849 i Tromsø. Han var frå 1861 overtollbetjent i Farsund, 1865 i Kristiania, og 1873 i Drøbak.

I Farsund var han medlem av bystyret, medan han i Drøbak var ordførar i seks år. Sparebankdirektør var han begge stadene. I 1874 var han medlem av ein kongeleg kommisjonen om skipsmåling.

Helliesen representerte Moss og Drøbak på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var då medlem av tollkomiteen. Mellom 1883 og 1891 var han heile tida varamann frå same valkrinsen. Han møtte i staden for Johan Thorne heile 1890-sesjonen og frå 18. mars 1891, medlem av justiskomiteen.

Sommaren 1900 døydde Helliesen under ei reise i Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914