Henrik Steenbuch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik Steenbuch
Fødd 20. november 1774
Melhus
Død

11. oktober 1839
Kristiania

Henrik Lauritz Nicolai Steenbuch (20. november 177411. oktober 1839) var ein norsk jusprofessor og stortingsmann.

Steenbuch var fødd i Melhus, der faren var sokneprest og prost. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Trondheim i 1793. Folketeljinga for 1801 viser at han då budde på prestegarden i Melhus hos mor si, som hadde vorte enke året før.

Steenbuch tok latinsk juridisk eksamen i 1810 med karakteren laud, både i den teoretiske og praktiske eksamenen. Han var fyrst, 1812, prokurator i Helsingør, frå 1814 i Trondheim. 25. mars 1816 vart Steenbuch lektor i lovkunne ved universitetet i Kristiania, i februar 1818 utnemnd til professor juris.

Steenbuch var 1. representant frå Kristiania på Stortinget 1827, og på det overordentlege storting i 1828. Både i 1827 og 1828 var han medlem av fullmaktskomiteen, i 1827 mellom anna av komiteen om Larvik grevskap og i 1828 av komiteane om vernepliktslova og om 17. mai.

Han døydde ugift i Kristiania i 1839.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Afhandling om hvilke Benævnelser Norges Land, Folket og dets Sprog findes tillagte, 1843
  • Angaaende Ophævelsen af Grundlovens 79de Paragraf, 1823
  • Et Par Ord i Anledning af Regjeringsadvocat Morgenstjernes Undersøgelse om Udsættelse med Bankens Forpligtelse [...], 1818
  • Dissertatiode coronationibus regum Norvegiae antiquiorum, 1818
  • Anmærkninger ved Constitutionsforslagene af 1815 og 1816, 1817

Kjelder[endre | endre wikiteksten]