Herborg Kråkevik
Herborg Kråkevik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. desember 1973 (50 år) Jondal |
Yrke | skodespelar, songar, skribent, plateartist |
Sjanger | vise |
Religion | kristendom |
Herborg Kråkevik på Commons |
Herborg Kråkevik (fødd 28. desember 1973) er ein skodespelar og ei songarinne frå Jondal i Hordaland. Ho er særleg kjend for tolkingane sine av norske folkeviser og for innsatsen på scene og film.
Av sceneroller ho har hatt, er Herborgs verden, Eliza i My fair lady (1997) og Julie i Romeo og Julie (1997), dei to siste på Den Nationale Scene.
Med førestillinga Eg og Edith turnerte ho i Noreg med eigne tolkingar av songane til Édith Piaf, akkompagnert av Odd Nordstoga på trekkspel.
Kråkevik oppnådde stor suksess med albumet Kråkeviks songbok (2000), som inneheldt klassiske tolkingar av gamle norske folkeviser. For dette albumet vart ho Årets spellemann under Spellemannprisen 2000.
På film er Kråkevik kjend for hovudrolla som Petra i Det største i verden (2001), ein film som byggjer på Bjørnstjerne Bjørnsons roman Fiskerjenten.
Herborg er gift med Espen - ein dansk jurist - og saman har dei døtrene Agnes og Petra. Herborg bor vekselvis i Skagen/København i Danmark og i Bergen.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 1998 vart Herborg Kråkevik tildelt Anders Jahres kulturpris og Ole Vig-prisen. Ho var kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2000. Ho vart tildelt Storegutprisen i 2013.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 2004: Forteljingar
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1995: Mi Haugtussa
- 1998: Herborgs Verden (nominert til Spellemannprisen)
- 2000: Kråkeviks songbok
- 2002: Eg og Edith
- 2004: Forteljingar (lydbok)
- 2008: Annleis enn i går
- 2009: Kvar ein dag
- 2011: Alltid i mitt sinn
- 2012: Jul i stova
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Herborg Kråkevik» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2009.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |