Hesterumpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hesterumpe
Hesterumpe
Hesterumpe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Hesterumpeslekta Hippuris
Art: Hesterumpe H. vulgaris
Vitskapleg namn
Hippuris vulgaris

Hesterumpe (Hippuris vulgaris) er ein vassplante som er utbreidd i Eurasia og Nord-Amerika, frå Grønland til Tibetplatået til Arizona. Han liker best vatn som ikkje er surt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hesterumpe er ein krypande, fleirårig plante som veks i grunt vatn og på mudderflater. Han har røter under vatn, medan dei fleste blada veks over vassoverflata. Blada sit kransstilt, 6–12 saman. Dei som er over vatnet er 0,5 til 2,5 cm lange og opptil 3 mm vide, medan dei som er under vatnet er tynnare, slappare og lengre enn dei over, særleg i djupare vassfar. Stilkane er solide og ugreina, men ofte boga, og kan vera opptil 60 cm lange. I grunt vatn stikk dei 20–30 cm opp av vatnet. Planten veks opp frå tjukke jordstenglar. Blomane er lite synlege, og blir ikkje danna på alle plantar.

Studiar av H. vulgaris på Tibetplatået viste at han sleppte ut mykje metan.[1] Plantar i våtmark bidreg både med karbon til produksjon av metan, og ei rute for metan frå den anoksiske sona og ut i atmosfæren.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hirota, H., Tang, Y., Hu Q. et al. (2004) Methane emissions from different vegetation zones in a Qinghai-Tibetan Plateau wetland. Soil Biology & Biogeochemistry, 36, 737-748
  2. Laanbroek HJ (januar 2010). «Methane emission from natural wetlands: interplay between emergent macrophytes and soil microbial processes. A mini-review». Ann Bot (105(1):141-53). PMC 2794055. PMID 19689973. doi:10.1093/aob/mcp201. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]