Hilde Sandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hilde Sandvik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. april 1970 (53 år)
Erfjord Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, podkastvert, redaktør
Prisar Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar
Hilde Sandvik på Commons

Hilde Sandvik (fødd 30. april 1970) er ein norsk journalist og tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Sandvik er fødd i Erfjord i Suldal kommune og utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen.[1]


Journalist og redaktør[endre | endre wikiteksten]

Sandvik var i perioden 2003-06 redaktør i tidsskriftet Syn og Segn saman med Marit Eikemo.[2]

Ho var sommaren 2005 debattredaktør i Dagbladet. Ho har òg vore spaltist i Klassekampen og dessutan skribent i fleire andre publikasjonar. I perioden frå 2006 til 2016 var ho i Bergens Tidende, først som journalist, så som debattredaktør, og i 2010–16 var ho kultur- og debattredaktør.[3]

I 2012 fekk Sandvik Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, saman med Katrine Sele.[4]

I 2016 lanserte Sandvik Broenxyz, eit nordisk mediehus, med seg sjølv som redaktør.[5]

I 2020 lanserte NRK P2 i lag med SR og DR radioprogrammet «Norsken, svensken og dansken», eit skandinavisk samarbeid med Hilde Sandvik som programleiar.[6]

Styreverv[endre | endre wikiteksten]

Hilde Sandvik er medlem av Utvida Råd i Studentersamfunnet i Bergen. Utvida Råd består av ressurspersonar frå akademia, mediebransjen og kulturlivet i Bergen, og er eit kompetanseorgan for Studentersamfunnet.[7] Ho har tidlegare vore styremedlem i samtidsmusikkfestivalen Borealis og nestleiar i Norsk Tidsskriftsforening.[3]

Sandvik har sidan 2016 vore styremedlem i Amedia, og er i 2020 nestleiar i styret.[8]

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Våren 2007 kom Sandvik ut med boka Hersketeknikk, skriven i lag med Jon Risdal. I Diverse teikningar, òg frå 2007, stod Marvin Halleraker i Bergens Tidende for teikningane og Hilde Sandvik for teksta. Hausten 2008 kom boka Traktorland saman med Knut Egil Wang.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hersketeknikk, saman med Jon Risdal, Spartacus (2007)
  • Diverse teikningar, saman med Marvin Halleraker, Bergens Tidende (2007)
  • Traktorland, saman med Knut Egil Wang, Cappelen Damm (2008)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Garvik, Olav (15. november 2019). «Hilde Sandvik». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 3. september 2020. 
  2. «Hilde Sandvik, Litteratursymposiet i Odda 2020». Henta 03.09.2020. 
  3. 3,0 3,1 «Hilde Sandvik - Allkunne» (på norsk). Henta 3. september 2020. 
  4. «2012 - Katrine Sele og Hilde Sandvik | NRK Nynorsk mediesenter». Henta 3. september 2020. 
  5. Michalsen, Gard L. (17. desember 2016). «Nå har Hilde Sandvik åpnet broen. «Det er ikke en avis å abonnere på, men et samfunn å være medlem i»» (på norsk). Henta 3. september 2020. 
  6. Framnes, Andreas (2. mars 2020). «Skandinavisk samarbeid: Premiere på Norsken, svensken og dansken i NRK P2» (på norsk bokmål). Henta 3. september 2020. 
  7. «Studentersamfunnet H16» (på engelsk). Henta 3. september 2020. 
  8. «Styret». Arkivert frå originalen 15. august 2020. Henta 3. september 2020.