Hindustan Machine Tools

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hindustan Machine Tools, HMT Limited, er eit indisk statseigd føretak. HMT produserer mellom anna traktorar, verkøymaskiner, ur og programvare.

HMT byrja å produsera traktorar i 1972, basert på teknologi kjøpt frå den tsjekkiske traktorprodusenten Zetor. Ved HMT sine fabrikkar i Pinjore og Hyderabad vert det produsert traktorar i storleikar mellom 25 og 75 hk. HMT eksporterer traktorane sine til mellom anna Bangladesh, Sri Lanka, Malaysia, Tsjekkia, Kroatia, Liberia, Nigeria, Senegal og Sør-Afrika.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]