Hjartetjønnaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjartetjønnaks
Hjartetjønnaks
Hjartetjønnaks
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Tjønnaksfamilien Potamogetonaceae
Slekt: Tjønnaksslekta Potamogeton
Art: Hjartetjønnaks P. perfoliatus
Vitskapleg namn
Potamogeton perfoliatus

Hjartetjønnaks (Potamogeton perfoliatus) er ei plante i tjønnaksslekta i tjønnaksfamilien.[1] Arten er sirkumpolar. I Noreg er det nominatunderarten ssp. perfoliatus som veks.[2]

I Noreg er arten heimleg i ferskvatn og brakkvatn på Austlandet og frå Trøndelag til Finnmark. Han veks òg spreidde stader på Sørlandet og i Rogaland, men er elles svært sjeldan på Vestlandet.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]

I innlandet på Austlandet og spreidd langs kysten til Aust-Finnmark er det registrert funn av hybriden med grastjønnaks (P. gramineus × P. perfoliatus eller P. ×nitens).[4] Det er òg gjort funn i Trøndelag av ein hybrid mellom dei tre artane grastjønnaks, blanktjønnaks og hjartetjønnaks (P. gramineus × P. lucens × P. perfoliatus eller P. ×torssanderi).[5] Hybriden med rusttjønnaks (P. alpinus × P. perfoliatus eller P. ×prussicus)[6] er funnen på Austlandet og ved Farsund. Dessutan er det registrert ein hybrid med nøkketjønnaks (P. perfoliatus × P. praelongus eller P. ×cognatus)[7] i Asker og spreidd frå Trøndelag til Troms. Hybriden med krustjønnaks (P. crispus × P. perfoliatus eller P. ×cooperi)[8] er registrert frå Klepp på Jæren.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Hjartetjønnaks». Artsdatabanken. Henta 21. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 175. 
  3. «Raudlista: Hjartetjønnaks». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 21. februar 2024. 
  4. «PoWO: Potamogeton × nitens». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024. 
  5. «PoWO: Potamogeton × torssanderi». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024. 
  6. «PoWO: Potamogeton × prussicus». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024. 
  7. «PoWO: Potamogeton × cognatus». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024. 
  8. «PoWO: Potamogeton × cooperi». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]