Honorius av Vestromarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flavius Augustus Honorius

Romersk keisar
Periode17. januar 395
15. august 423
Fødd9. september 384
FødestadKonstantinopel, Istanbul
Død15. august 423 i Ravenna
DødsstadRavenna
MorAelia Flaccilla
FarTheodosius den store
EktefelleMaria, Thermantia
DynastiDet theodosiske dynastiet
FøregangarTheodosius den store
Etterfølgjaropprørske kongar Konstantin III, Jovinus, Sebastianus, Priscus Attalus. Den rettmessige keisaren var Valentinian III

Flavius Augustus Honorius (9. september 38415. august 423) var vestromersk keisar frå 395 til han døydde. Honorius var den yngste av keisar Theodosius den store sine to søner med den første kona hans, Aelia Flaccilla. Bror hans Arcadius vart den første austromerske keisaren.

Honorius vert sedd på som ein av dei svakaste av dei romerske keisarane. I dei første åra då han var mindreårig styrte vandalen Stilicho som regent, men sjølv i vaksen alder tok Honorius berre liten del i styringa av riket i eigne hender og overlét for det meste den verkelege makta til andre. Honorius’ regjeringstid fell saman med byrjinga av folkevandringstida. Indre uro og angrep frå ulike germanske folkegrupper sette Vestromarriket under eit stort press. I 410 vart Roma plyndra av Alariks visigotarar. I andre halvdel av regjeringstida hans makta medkeisaren Konstantius III å gjenopprette ein viss orden, men då Konstantius døydde i 421 oppstod det ein maktkamp som bidrog sterkt til å akselerere oppløysinga av Romerriket.

Stilicho[endre | endre wikiteksten]

Far til Honorius, Theodosius I, var den siste keisaren som herska åleine i heile det romerske keisarriket. Han døydde i Milano 17. januar 395. Riket vart då delt mellom dei to sønene hans. I ein alder av ti år fekk Honorius den vestlege delen, medan storebroren Arcadius fekk den austlege. Som regent for den unge Honorius hadde Theodosius utpeikt Stilicho som med tittelen magister utriusque militiae var den fremste generalen i riket. Stilicho hevda at Theodosius på dødsleiet hadde utpeikt han til regent òg for Arcadius, men hoffet i Konstantinopel motsette seg dette. Det oppstod difor eit svært spent tilhøve mellom aust og vest.

Seint i 397 bytte Gildo, kommandanten i Africa lojalitet frå vest til aust. Dette var ein svært alvorleg trussel, i og med at Romas folkesetnad var heilt avhengig av kornleveransar derfrå, men Stilichos handtering av krisa var rask og effektiv og opprøret vart slege ned i løpet av våren 398. Same år gifta Honorius, som no var i tenåra, seg med Stilichos dotter Maria.

På Balkan var det på denne tida eit folkeslag kalla visigotarane. På papiret var visigotarane busett på romersk territorium som romerske allierte, men i praksis var dei eit brysamt framandelement som romarane høgst motviljug hadde akseptert over grensa i 376 og sidan ikkje hadde klart å kaste ut. Visigotarane var for første gong samla under ein konge, Alarik, og gjorde opprør i 395, same år som Honorius vart keisar. Stilicho gjorde to forsøk på å underkue dei, i 395 og 397, men begge stranda på grunn av motvilje frå Austromarriket. I 401 invaderte Alarik Italia, kanskje på oppfordring frå Konstantinopel. Det tok noko tid å mobilisere imot, men påska 402 sigra Stilicho over Alarik i eit slag ved Pollentia og visigotarane vart tvunge til å trekkje seg tilbake til Dalmatia. Denne invasjonen fekk to viktige langtidsfølgjer. For å forsterke forsvaret av Italia vart soldatar flytta frå Britannia og Rhinen. I tillegg flytta Honorius og hoffet frå det strategiske knutepunktet Milano til det tryggare, men meir perifere Ravenna.

Seint i 406 gjorde Stilicho krav på Dacia og Makedonia for Vestromarriket. Desse områda hadde tradisjonelt høyrt til den vestlege delen av riket, men under keisar Theodosius hadde dei vorte administrerte frå Konstantinopel. For å setje makt bak krava inngjekk Stilicho ein allianse med Alarik. Medan dei venta på forsterkningar frå Italia leidde Alarik visigotarane inn i Epirus. Desse planane måtte likevel snart skrinleggjast som følgje av hendingar lengre vest.

31. desember gjekk ein stor hærskare alanarar, svebarar og vandalar over Rhinen nær Mainz. Dei fekk nærast fritt spelerom til å plyndre Gallia. Omtrent samstundes gjorde soldatane i Britannia opprør og utropte Konstantin III til keisar. Konstantin III kryssa kanalen med så godt som alle soldatane som fanst på øya, vann Gallia for saka si og marsjerte sørover for å styrte Honorius. Ein hær leidde av den gotiske generalen Sarus vart send imot, men vart slegen.

Alarik hadde ikkje oppnådd noko med alliansen sin med Vestromarriket og i 408 leidde han visigotarane nordover til Noricum. Her truga han med krig dersom han ikkje snart mottok løn for seg og mennene sine. Honorius ynskte å gå til krig mot visigoterne, men lét seg overtale av Stilicho til å akseptere Alarik sine vilkår. Det hadde no danna seg ein aktiv opposisjon mot Stilicho leia av embetsmannen Olypmius. Tilhøvet mellom Honorius og Stilicho var òg forverra. Det hjelpte lite at Honorius for andre gong gifta seg med ein av Stilichos døtrer, Thermantia.

11. august var Honorius i Pavia for å inspisere troppar samla for å marsjere mot Konstantin III. Under inspeksjonen gjorde soldatane plutseleg opprør og drap mange av Stilichos sine viktige tilhengarar, men keisaren sjølv vart ikkje rørd. Stilicho var ved Bologna, men i staden for å starte ein borgarkrig mot Honorius valde han å vende tilbake til Ravenna. Her vart han arrestert og sidan avretta 22. august.

Olympius overtok no regjeringa. Stilicho vart stempla som statsfiende og mange av tilhengarane hans drepne.

Honorius døydde av ødem i 423.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Heather, Peter, The Fall of the Roman Empire, London: Macmillan. 2005
  • The Cambridge Ancient History, Volume XIII, Cambridge University Press 1998

Kjelder[endre | endre wikiteksten]