Hovudseriefinalen i fotball 1957

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovudseriefinalen i fotball 1957 fann stad på Ullevål stadion i Oslo sundag 16. juni 1957, med i kring 16 000 tilskodarar på tribunane. Dei to finalistane, Fredrikstad Fotballklubb og Odds Ballklubb, hadde vunne kvar si avdeling av Hovudserien 1956/57. Etter tap i dei to føregåande hovudseriefinalane lukkast Fredrikstad FK verte seriemeister med overbevisande 6-1 i målprotokollen.

Henry Johannessen sende FFK i føringa i det 18. minutt med eit «brennhardt skudd». Berre to og seks minuttar seinare auka fyrst Per Kristoffersen til 2-0 og same Johannessen til 3-0. I det 40. minutt la så Kristoffersen på til 4-0, noko som var pauseresultatet. Same mann auka leiinga til 5-0 i det 58. minutt då han skåra sitt tredje mål for dagen. I det 85. minutt reduserte Odds Kjell Reinholt til 1-5, men allereie minuttet etter fastsette Henry Johannessen sluttresultatet til 6-1 då også han enda opp som tremålsskårar.

Fredrikstad FK sitt vinnarlag bestod av målvakt Per Mosgård, backane Roar Johansen og Åge Spydevold, halfane Arne Pedersen (kaptein), Kjell Jakobsen, Reidar Kristiansen og løparane Bjørn Borgen, Per Kristoffersen, Henry Johannessen, Tore Nilsen og Willy Olsen.

Mellom Odd-spelarane fanst Ragnar Larsen, kapteinen Kjell Johannesen, Kjell Reinholt, Per Jakobsen, Even Hansen, Magne Helland og målvakta Evald Kihle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Arbeiderbladet 17. juni 1957