Huai'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Huai'an
镇淮楼.JPG
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina

Huai'an
33°30′0″ N 119°7′59″ E
Plasseringa av Huai'an i Jiangsu
Plasseringa av Huai'an i Jiangsu
Wikimedia Commons: Huai'an

Huai'an (kinesisk skrift 淮安; pinyin Huái'ān) er eit byprefektur i provinsen Jiangsu i Kina, nordvest for dei sentrale delane av provinsen. I sør grensar Huai'an mot provinsen Anhui. Prefekturet har eit areal på 10 132 km² og 4 799 889 innbyggjarar i 2010. Av desse bur 2 494 013 i byområde.

Huai'an ligg kring sørbreidda og austbreidda av innsjøen Hongze.

Byprefekturet Hui'an omfattar fire distrikt (区 ) og fire fylke (县 xiàn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Qingliangangkulturen oppstod i dette området for rundt 5 000 år sidan. Byen Huai'an si historie går over 2 200 år tilbake.

Kommunistleiaren Zhou Enlai var frå Huai'an.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 205 i Kina passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs fører den innom mellom andre Tangshan, Tianjin, Zibo, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou i Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]