Zibo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zibo
byprefektur
Frå midtbyen i Zichuan, ein av byane i byprefekturet Zibo
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 5 964,92 km²
Folketal 4 704 138 (2020)[1]
Kart
Zibo
36°46′59″ N 118°2′59″ E
Plasseringa av Zibo (gul) i Shandong
Plasseringa av Zibo (gul) i Shandong
Plasseringa av Zibo (gul) i Shandong
Wikimedia Commons: Zibo

Zibo (kinesisk skrift 淄博; pinyin Zībó) er eit byprefektur sentralt i provinsen Shandong i Kina. Byprefekturet har eit areal på 5 938 km² og hadde vel 4,5 millionar ibuarar i 2010. Zibo ligg på sørbreidda av Huang He, medan den mindre elva Yi He har kjeldene sine i fjella sør for byen.

Byprefekturet Zibo omfattar fem distrikt (区 ) og tre fylke (县 xiàn).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Zibo har hatt eit tradisjonelt næringsliv, til nyleg var området sentrum for veving av silkestoff. I dag er byprefekturet eitt av dei femti sterkaste i Kina, kva gjeld økonomi. Zibo ligg i eit område rikt på naturressursar, med særleg store førekomstar av kol. Desse er mellom anna grunnlaget for vidfemnande petrokjemi og maskinindustri. Nord i Zibo er det store reservoar av olje- og naturgass. Området er i det heile eit senter for tungindustri. Over femti ulike mineral er påvist i byprefekturet. I området vert mellom anna utvunne bauxitt, jarn og leire veleigna for keramikk.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jiaojibanen, ei jarnbane som strekker seg vest-aust i Shandong mellom Jinan og Qingdao, har stoppestad i Zibo. Også snøggtoget som trafikkerer mellom Qingdao og Taiyuan stansar i Zibo.

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Vegen byrjar i Shanhaiguan i Hebei og endar opp i Shenzhen, sør i provinsen Guangdong. Undervegs fører han gjennom Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou. Også Kinas riksveg 308 går gjennom prefekturet. Han tek til i Qingdao og leier via Jinan til Shijiazhuang i Hebei.

Kulturminne og historie[endre | endre wikiteksten]

Ved det 618 moh. høge Salfjellet, eit av dei høgste fjella i Zibo

Ein del av den store Qi-muren står att i verneverdig tilstand, og er oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.

Linzi, hovudstaden i det gamle Qi-riket, var rett i aust for Zibo. Qi-riket var det siste riket som vart erobra av Qing-dynastiet, i året 221 fvt, noko historikarar har rekna som den endelege samlinga av Kina. Restane av den gamle hovudstaden er eit verna kulturminne. Funnstaden for den forhistoriske houlikulturen, frå tidleg neolittisk tid, ligg også i Zibo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://tjj.shandong.gov.cn/art/2021/5/21/art_6293_10287511.html.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Zibo