Huldrych Zwingli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huldrych Zwingli

Statsborgarskap Old Swiss Confederacy
Fødd 1. januar 1484
Wildhaus
Død

11. oktober 1531 (47 år)
Kappel am Albis

Yrke teolog, omsetjar, prest, reformator, skribent, predikant
Språk latin, tysk
Religion kalvinisme
Ektefelle Anna Reinhart
Huldrych Zwingli på Commons
Huldrych Zwingli

Ulrich Zwingli eller Huldrych Zwingli (fødd 1. januar 1484 i Wildhaus i Sveits, død 11. oktober 1531 i Kappel am Albis) var ein teolog som vert rekna som grunnleggjaren av den reformerte kyrkja.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

«Zwingliportal» ved Grossmünster i Zürich.

Zwingli studerte i Wien og Basel. Han vart magister i 1506 og byrja same året å verka som prest i Glarus. Frå 1515 tenestegjorde han i valfartsbyen Einsiedeln og frå 1519 i Grossmünster i Zürich.[1] Han var frå byrjinga tilhengjar av Erasmus, men blei påverka av Luther og utvikla etter 1519 ei reformatorisk oppfatning i samband med studiane sine av Paulus og Augustinus.

I august vart 1519 Zürich råka av ein pestepidemi som drap rundt ein fjerdedel av innbyggjarane. Medan mange flykta frå byen vart Zwingli verande. Han vart pestsjuk i september, og var nær ved å døy. Han skildra seinare den andelege forståinga si av sjukdommen i diktet «Pestlied».

Måleri av disputasen i 1523.

Zwingli gjorde offentleg opprør mot den katolske læra i 1522, då han ope braut fasten i fastetida. Han hadde også vorte hemmeleg gift med enkja Anna Reinhard tidlegare dette året, og var open motstandar av dei katolske sølibatreglane for prestar.[1] Etter fleire kranglar med katolikkane let byrådet i Zürich halda ein disputas om reformasjonen i 1523.[1] Magistraten anerkjende standpunktet til Zwingli som det rette og reformasjonen vart gjennomført i Zürich. Klostera vart avskaffa og prestane fekk pålegg om protestantisk forkynning. I 1525 avskaffa Zwingli bilde, altar, orgel og salmesong i kyrkjene og innførte ei ny gudstenesteordning som skulle byggja på skriftlesing, bøn og preken med enkel altergang fire gonger i året.[1] Frå 1525 til 1529 arbeidde han med ei bibelomsetjing som blei til Zürich-Bibelen eller «Zwinglibibelen».

I 1530 hadde reformasjonen til Zwingli spreidd seg til Bern, Basel, Bodensjø-området og Strasbourg. Han lukkast derimot ikkje forsøket i å reformere dei katolske kantonane i Sveits med makt. Zwingli fall i slaget ved Kappeln, der han deltok som feltprest.

Forsøket på å nå eit felles standpunkt med Martin Luther ved religionssamtalane i Marburg (Marburger Religionsgespräche) i 1529 mislukkast på grunn av usemje om nattverden. Zwingli såg på nattverden som ei symbolsk handling, medan Luther meinte at Jesus Kristus var til stades i kjøt og blod.

Gjennom Heinrich Bullinger, etterfølgjaren til Zwingli som leiar for kyrkja i Zürich, virka læra til Zwingli vidare og influerte den reformerte teologien, men i mindre omfang enn Jean Calvin.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • De vera et falsa religione (Zürich 1525)
  • Amica exegesis (1527)
  • Fidei ratio (Zürich 1530)
  • Christianae fidei brevis et clara expositio ad regem christianum (Zürich 1536)
  • Sämtliche Werke (Zürich 1545 u. 1581)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hottinger, Huldreich Zwingli und seine Zeit (Zürich 1842)
  • Tichler, Zwingli, de kerkhervormer (Utr. 1857-58, 2 Bde.)
  • Christoffel, Zwinglis Leben und ausgewählte Schriften (Elberf. 1857, 2 Bde.)
  • Mörikofer, Ulrich Zwingli (Leipz. 1867-69, 2 Bde.)
  • Zeller, Das theologische System Zwinglis (Tübing. 1853)
  • Sigwart, Ulrich Zwingli (Stuttg. 1855)
  • Spörri, Zwingli-Studien (Leipz. 1866)
  • Werder, Zwingli als politischer Reformator (Basel 1882)
  • A. Baur, Zwinglis Theologie (Halle 1885- 89, 2 Bde.)
  • Witz, Ulrich Zwingli, Vorträge (Gotha 1884).
  • Ulrich Gäbler, Huldrych Zwingli. Eine Einführung in sein Leben und sein Werk, Evangelische Verlagsanstalt: Berlin 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Huldreich Zwingli» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. januar 2015.