Humphrey Bogart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Humphrey Bogart
Humphrey Bogart 1940.jpg
Fødd25. desember 1899
FødestadNew York by
Død14. januar 1957 (57 år)
DødsstadLos Angeles
FødenamnHumphrey DeForest Bogart
Aktive år1921–1957
Verka somkarakterskodespelar, manusforfattar, teaterskodespelar, filmskodespelar, skodespelar
MorMaud Humphrey
FarDr. Belmont DeForest Bogart
EktefelleHelen Menken, Mary Philips, Mayo Methot, Lauren Bacall
BornStephen Humphrey Bogart
PrisarOscar for beste mannlige hovedrolle, Médaille Interalliée 1914-1918, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Humphrey DeForest Bogart (fødd 25. desember 1899 i New York City, daud 14. januar 1957 i Los Angeles) var ein amerikansk skodespelar, ofte rekna som ein av dei største gjennom alle tider. Nokre av dei best kjende filmane hans er Malteserfalken, Casablanca og Afrikadronningen. For sistnemnde film vann han den einaste oscarprisen i karrieren sin. I 1999 vart han kåra til den største mannlege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Bogart var son av Belmont (1867–1934) og Maud Bogart (1865–1940). Etternamnet er av nederlandsk opphav og tyder '[ein som lever ved ein] frukthage'.[1] Belmont var kirurg, medan Maud var designar og etter kvart ansvarleg redaktør for eit motemagasin. Begge foreldra, især mora, tente godt, og Humphrey Bogart fekk såleis ein oppvekst som materielt sett står i sterk kontrast til rollefigurane han seinare vart kjend for. Likevel var tilhøvet i liten grad prega av kjensler, og meir av krangling.[2]

Bogart viste lite eller inga interesse for akademiske studium, og etter foreldras mislukka forsøk på å få han til å studera, valde han sjølv å melda seg inn i marinen og tenestegjorde der i slutten av første verdskrigen. Etter denne tida vart han involvert via vener i show-business, for det meste svært lettbeinte komediar. Bogart utmerkte seg ikkje spesielt i desse rollene, men heller i livet bak oppsetningane, der han vart med i barar som selde sprit ulovleg. Om det var i tida i marinen er usikkert, men det er sannsynleg at han rundt denne tida fekk det karakteristiske arret sitt i andletet. David Niven hevda at Bogart hadde sagt det var frå eit uhell som barn.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lauren Bacall og Bogart under innspelinga av Den store søvnen (1946).

Etter børskrakket i 1929 vart det stadig vanskelegare å setja opp teaterstykke, og dei fleste skodespelarane vende seg mot film. Bogart byrja filmkarrieren sin i 1928 med filmen The Dancing Town, ein film som aldri er vorte funnen att i heilskap. Det var likevel rolla hans på Broadway i teateroppsetjinga The Petrified Forest som gav han merksemd og skapte karrieren. Filmkarrieren byrja med ei lang rekkje B-filmar, der han stort sett spelte den same rolla, det vil seia ein gangster. Sidan Warner Bros. ikkje hadde nokre planar om å bruka Bogart som helt, spelte han stort sett biroller, og James Cagney, Edward G. Robinson og fleire andre filmstjerner som sidan er vorte langt mindre kjende, tok hovudrollene.

Den store forandringa kom då Bogart vart gjeven hovudrolla, om enn fordi fleire av dei ovannemnde takka nei til filmen High Sierra (1941). Denne filmen var basert på ein roman av William Riley Burnett som John Huston hadde skrive om til film. Med Bogart i hovudrolla fekk filmen, og særleg Bogart, gode meldingar.[3][4] I neste film av ein viss storleik spelte Bogart i Huston sin debut som regissør, ein film som skaffa begge umiddelbar A-kjendisstatus. Malteserfalken (1941) var basert på boka med same namn av krimforfattaren Dashiell Hammett, og handlar om detektiven Sam Spade som vert trekt med i eit desperat spel om ein pakke på avvegar. Bogart hadde gjennom dei mange rollene sine som gangster brukt mykje tid til å perfeksjonera rolla som etter kvart vart varemerket hans: den tøffe mannen som eigenleg hadde samvit, men det var godt skjult bak eit svært tøft ytre.

Bogart fekk dermed spela i A-filmar, og den neste store filmen hans vart ein endå større suksess. Casablanca (1942) var den første filmen der Bogart hadde ei hovudrolle i ein romantisk film. Det vanskelege tilhøvet hans til ekskjærasten, den tilgjorte nøytraliteten og evna hans til å balansera mellom alle fraksjonane som forlangte absolutt lojalitet, er gått inn i Hollywood-mytologien som ei av dei best kjende forteljingane. Etter desse filmane kom fire filmar med den framtidige kona til Bogart, Lauren Bacall: Å ha og ikke ha (1944), Den store søvnen (1946), Mørk passasje (1947) og Stormvarsel (1948). Han laga òg Sierra Madres skatt (1948), ein film blotta for romantikk og lukkeleg slutt. Filmen vann oscarpris, men vart ingen publikumssuksess. I 1951 laga Bogart filmen Afrikadronningen med Katharine Hepburn. Filmen vart ein publikumssuksess, og Bogart vann ein oscarpris for si rolle.[5]

Bogart har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han er generelt sett på for å vera eit kulturikon. I den biografiske TV-filmen Bogie (1980) vart han spelt av Kevin O'Connor. I 1999 vart Bogart kåra til den største mannlege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.[6]

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Bogart var gift fire gonger. Dei tre første ekteskapa enda med skilsmisse, men det siste varte ut livet hans. Bogart var gift med Helen Menken frå 20. mai 1926 til 18. november 1927, Mary Philips frå 3. april 1928 til 1938 og Mayo Methot frå 21. august 1938 til 10. mai 1945. 21. mai 1945 gifta han seg med Lauren Bacall, som han fekk ein son og ei dotter med.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hanks, Patrick HanksPatrick (2006). Hanks, Patrick, red. «Bogard» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-508137-4. doi:10.1093/acref/9780195081374.001.0001/acref-9780195081374-e-5856. 
  2. Meyers, Jeffrey (1997). Bogart: A Life in Hollywood. London: Andre Deutsch Ltd. s. 9-22. ISBN 0-233-99144-1. 
  3. «The New Pictures, Feb. 17, 1941». Time. 17. februar 1941. 
  4. Sragow, Michael (16. januar 2000). «SPRING FILMS/REVIVALS; How One Role Made Bogart Into an Icon». The New York Times. 
  5. «Bogart, Humphrey». Who's Who in the Twentieth Century (på engelsk) (Oxford University Press). 2003. ISBN 978-0-19-280091-6. doi:10.1093/acref/9780192800916.001.0001/acref-9780192800916-e-214?rskey=cxskag&result=2. 
  6. «AFI's 100 Years...100 Stars» (engelsk). Det amerikanske filminstituttet.