Huset Farnese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpenskjoldet til Huset Farnese.

Huset Farnese er eit italiensk fyrstehus som har vore kjend sidan 1150. Det er kalla opp etter slottet Castrum Farneti nær Orvieto i Umbria.

Condottieren Ranuccio Farnese, som døydde etter 1454, la grunnlaget for rikdomen til slekta og sambanda mellom familien og pavestolen. Han var farfar til Bartolomeo Farnese, som hadde etterslekt som bar tittelen hertug av Latera, Giulia Farnese (1474–1524), som var elskarinna til pave Alexander VI og kjend som «Kristi brud», og kardinal Alessandro Farnese (1468–1549), som var pave frå 1534 under namnet pave Paul III. Paven byrja oppføringa av Palazzo Farnese i Roma, og gjorde sonen sin Pier Luigi Farnese (1503–47) til suveren hertug av Parma og Piacenza i 1545. Pier Luigi starta bygginga av eit enormt palass i Parma, som på 1600-talet vart ombygd til teateret Teatro Farnese. Han var far til kardinal Alessandro Farnese (1520–89), som fullførte palasset i Roma og fekk bygd Palazzo Farnese i Caprarola søraust for Viterbo og kyrkja Il Gesù i Roma, og Ottavio Farnese (1524–86), hertug av Parma, som var gift med Margrete, ei uekte dotter av keisar Karl V av Det tysk-romerske riket og regent i Dei sameinte Nederlanda. Sonen deira var feltherren Alessandro Farnese (1547–92), hertug av Parma, som òg vart regent i Nederlanda og styrkte den spanske overhøgda der opp til den noverande belgisk-nederlandske grensa.

Slekta døydde ut på mannsida med tippoldebarna hans Francesco Farnese (1678–1727) og Antonio Farnese (1679–1731), som begge var hertugar av Parma, og fyrst Odoardo Farnese (1666–93). Dottera til Odoardo, Elisabeth Farnese (1692–1766) vart gift med kong Filip V av Spania, og hertugdøma Parma og Piacenza gjekk 1731 i arv til sonen deira Karl (1716–88), som frå 1735 var konge av Napoli og Sicilia og frå 1759 konge av Spania som Karl III.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]