Hybridpilblad
Utsjånad
Hybridpilblad | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vassgroordenen Alismatales |
Familie: | Vassgrofamilien Alismataceae |
Slekt: | Pilbladslekta Sagittaria |
Art: | Hybridpilblad S. ×lunata |
Vitskapleg namn | |
Sagittaria ×lunata |
Hybridpilblad (Sagittaria ×lunata) er ei plante i pilbladslekta i vassgrofamilien.[1] Arten veks i Europa og vestlege Asia. Arten er oppstått som ein hybrid mellom pilblad (S. sagittifolia) og buttpilblad (S. natans). Buttpilblad er ikkje funnen i Noreg, men veks i nordaustlege Sverige og i Finland.[2]
I Noreg er arten heimleg på grunt vatn. Han er funnen nokre få stader i Pasvikelva og har truleg kome frå Enaresjøen i Finland.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Hybridpilblad». Artsdatabanken. Henta 17. februar 2024.
- ↑ 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 167.
- ↑ «Raudlista: Hybridpilblad». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 17. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Hybridpilblad i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Hybridpilblad hos The International Plant Names Index