I Forgot More Than You'll Ever Know

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Forgot More Than You'll Ever Know
Singel av The Davis Sisters
frå albumet Memories
B-side Rockabye Boogie
Utgjeve 1953
Innspelt 23. mai 1953
Sjanger country
Lengd 2:16
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Cecil Null
Produsent Stephen Sholes

«I Forgot More Than You'll Ever Know» (stundom «I've Forgotten More Than You'll Ever Know About Him») er ein song skriven av Cecil Null[1] og først gjeven ut av The Davies Sisters.

Songen var ein av fem songar spelte inn 23. mai 1953 av Chet Atkins på sologitar, Velma E. Williams Smith på gitar, Jerry Byrd på steelgitar, Ernie Newton på bass og Hal Smith på fele. Innspelinga var den første The Davis Sisters hadde i Nashville i Tennessee, spelt inn hos Thomas Productions. Den første innspelinga av songen vart derimot gjort av Sonny James den 11. mars 1953. Denne kom ut på singel samstundes med The Davies Sisters sin versjon, men vart ikkje like populær.

Songen fortel ei soge om eks-kjærasten til ein ung mann og åtvarar den noverande flammen hans som stal han frå ho om at ein dag vil ho òg miste han. Heile songen er sungen i harmoni av Skeeter og Betty Jack, med unntak av linjene «You stole his love from me one day, you didn't care how you hurt me, but you can never steal away memories of what used to be» som er sungen av Betty Jack.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Songen gjekk til topps på country-lista i 1953. Det var den første hitten for duoen Skeeter Davis og Betty Jack Davis og den einaste dei fekk, sidan Betty Jack omkom i ei bilulukke ei veke etter singelen kom ut.

«I Forgot More Than You'll Ever Know» vart den einaste countrysongen på toppen av lista av ein kvinneleg duo før The Judds klarte det same tretti år seinare. Songen låg på toppen av countrylista i åtte veker.[2]

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt inn versjonar av songen, som:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «I Forgot More Than You'll Ever Know» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2021.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «I Forgot More Than You'll Ever Know Lyrics». Lyrics.com. Henta 25. juli 2021. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 101. 
  3. Whitburn, Joel (2013). Joel Whitburn’s Top Pop Singles, 14th Edition: 1955-2012. Record Research. s. 423.