Ibrahim Afellay
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 2. april 1986 | ||
| Fødestad | Utrecht | ||
| Høgd | 180 cm | ||
| Posisjon | Midtbane, ving | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Barcelona | ||
| Nummer | 20 | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2003-10 2011- |
|
159 (36) 0 (0) | |
| Landslag | |||
| 2007- |
| 31 (2) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. desember 2010 | |||
Ibrahim Afellay (fødd 2. april 1986 i Utrecht) er ein nederlandsk fotballspelar av marokkansk opphav som har spela for FC Barcelona i spansk Primera Division og for det nederlandske landslaget. Han var med på å bli seriemeister i Nederland med PSV fire år på rad, frå 2005 til 2008. Han blei kåra til årets talent i nederlandsk fotball i 2007. Ved årsskiftet til 2011 gjekk han til Barcelona, der han vart spansk seriemeister i 2011.
Afellay var ettertrakta av både det nederlandske og marokkanske landslaget, men valde til slutt å spela for Nederland. Han debuterte for A-landslaget i ein EM-kvalifiseringskamp mot Slovenia 28. mars 2007. Under fotball-EM i 2008 fekk han éin kamp frå start og spelte elles som innbytar. I fotball-VM i 2010 kom han inn som innbytar i tre kampar.