Sander Boschker
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Sander Bernard Jozef Boschker | ||
| Fødd | 20. oktober 1970 | ||
| Fødestad | Lichtenvoorde | ||
| Høgd | 184 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Twente | ||
| Nummer | 1 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1989-2003 2003-04 2004- |
|
356 (0) 0 (0) 187 (0) | |
| Landslag | |||
| 2010- |
| 1 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 1. juli 2010 | |||
Sander Bernard Jozef Boschker (fødd 20. oktober 1970 i Lichtenvoorde i Gelderland) er ein nederlandsk fotballspelar som har spela som keeper for Twente i nederlandsk Eredivisie. Han har òg éin landskamp for Nederland.
Boschker debuterte som proff-fotballspelar i 1989/90-sesongen for Twente. Han vart snart klubben sin førstekeeper, og spelte over 400 offisielle kampar for klubben. 33 år gammal gjekk han over til Ajax i 2003, men vart der reservekeeper for Maarten Stekelenburg. Etter éin sesong, der Ajax vart seriemeistrar, men Boschker ikkje fekk nokon seriekampar, vende han attende til Twente. I 2009/10-sesongen spelte han alle dei 34 seriekampane då Twente vart seriemeistrar i Nederland for første gong nokonsinne.
Etter å ha vorte seriemeister med Twente, vart Boschker teken ut i Nederland sin tropp til fotball-VM i 2010, som tredjekeeper. Han debuterte for landslaget 1. juni 2010 i ein privatlandskamp mot Ghana, der han kom inn som innbytar i pausen og spelte andre omgang. Han vart dermed den eldste spelaren som har landslagsdebutert for Nederland. Han fekk ikkje spela nokon kampar under VM.