Steik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steiking av okse på spyd over eld. Engelsk vitseteikning frå 1700-talet med tittelen The Household, or who rules the roast!
Gåsesteik

Steik (av norrønt steik) er ein matrett av eit større stykke kjøt som typisk er steikt i omn eller over eld.[1][2]

I nokre høve kan ein bruka eit heilt dyr til steik. Elles bruker ein visse større stykkingsdelar, eller ruller tynne stykke saman til rullesteik.[3][4] Ein bind ofte opp eller dresserar kjøtstykket ein skal nytta til steik.

Ein kan laga steik i varm steikjeomn på nokså kort tid, men kan også nytta langtidssteiking på lågare temperatur.[5] Denne kan ta mange timar, men gjev svært mørt kjøt.[6][7]

Steik er ein tradisjonell søndagsmiddag fleire stader.[8][9] Ein kunne la steika vera i omnen før ein gjekk i kyrkja og ha retten klar etter kyrkjegangen. Steika kunne så vera utgangspunkt for matretter seinare i veka.[10] Steik kan også vera festmat, til dømes til middagsselskap, jul eller nyttår.[11][12][13]

Steik frå ulike dyr[endre | endre wikiteksten]

Nokre typar steik frå ulike dyr er:

Fugl:

Husdyr:

Vilt:

Etterstavinga «-steik» kan også visa til eit kjøtmåltid som ikkje nødvendigvis er tilreidd som steik, til dømes «hønsesteik» når reven tek høner,[20] eller «ramnesteik» om milt frå slakta dyr som ein kasta til ramnane.[21]

Ulike stykkingsdelar og tillagingsmåtar[endre | endre wikiteksten]

Visse stykke frå større dyr blir oftare brukt til steik, som indrefilet, ytrefilet, kotelettkam og mørbrad. Steik av dei ulike stykka kan ha særskilde namn, som kamsteik, nakkesteik, ribbesteik eller skinkesteik.[22]

Grytesteik er ei steik ein lagar til i gryte, til dømes ved å la steika trekkja over lang tid.[23]

Rullesteik er ei steik laga ved å rulla saman tynnare kjøt til ei større steik.[24]

Pinnekjøt eller nærskylde retter kan ha namn som julesteik, pinnesteik eller ribbesteik.[25]

Andre typar steik[endre | endre wikiteksten]

Hakkasteik er ein norsk tradisjonrett laga av kokt kjøt og flesk blanda med kokte byggryn.

Nøttesteik er ein rett laga som eit vegansk eller vegetarisk alternativ til steik med kjøt.[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «steik» i Nynorskordboka.
  2. «Steinkoking». Renmat.no. Henta 1. mars 2019. 
  3. Kogebog, Alletiders, «Gammeldags rullesteg med svesker fra Alletiders Kogebog blandt mere end 6.000 opskrifter med billeder.», Alletiders Kogebog, henta 2019-03-01 
  4. «Danske Slagtehuse - Rullesteg», slagtehuse.dk, henta 2019-03-01 
  5. «Langtidssteking av kjøtt», www.matprat.no (på norsk), henta 2019-03-01 
  6. «Sauté, steiking i omn, steiking i panne, spyd og grill - Kokk- og servitørfag Vg2 - NDLA», ndla.no, henta 2019-03-01 
  7. «Ølbraisert stek av høyrygg», Oppskrift.no (på norsk), henta 2019-03-01 
  8. Ringvold, Amund; Høberg, Eva Narten (2018-05-14). «norsk mat og matkultur». Store norske leksikon (på norsk). 
  9. «Perfect Irish Sunday roast recipe for Prime Ribs Day», IrishCentral.com (på engelsk), 2018-04-27, henta 2019-03-01 
  10. Hill, Amelia; correspondent, social affairs (2007-08-18). «How Friday saved the Sunday roast». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712. 
  11. Askomat (2018-07-20), «Skal du ha selskap? Bestill maten frå ASKO Mat», ASKO Mat (på engelsk), henta 2019-03-01 
  12. «Reinsdyrstek med viltsaus», www.matprat.no (på norsk), henta 2019-03-01 
  13. «Helstekt and», www.matprat.no (på norsk), henta 2019-03-01 
  14. helle (2012-09-29), «Mormor Dagmars kyllingstek», Helleskitchen (på bokmål), henta 2019-03-02 
  15. «Stockholm i tjue minus», Livet leker (på bokmål), 2010-02-22, henta 2019-03-02 
  16. «Hare - Kokk- og servitørfag Vg2 - NDLA», ndla.no, henta 2019-03-02 
  17. NRK (2000-03-08), «Hjorteoppskrift: Dyresteik», NRK (på bokmål), henta 2019-03-02 
  18. «Reinsdyrstek», Oppskrift.no (på norsk), henta 2019-03-02 
  19. Redaksjonen (2015-10-24), «DAGENS RETT: Elgstek med viltsaus», Aperitif.no (på norsk), henta 2019-03-02 
  20. Jf. t.d. «Reven på hønsejakt» av Lillebjørn Nilsen
  21. «ramnesteik» i Nynorskordboka.
  22. «Stykkingsdelar». ndla.no. Henta 2. mars 2019. 
  23. NRK (2005-03-21), «En god grytestek», NRK (på bokmål), henta 2019-03-02 
  24. Kogebog, Alletiders, «Gammeldags rullesteg med svesker fra Alletiders Kogebog blandt mere end 6.000 opskrifter med billeder.», Alletiders Kogebog, henta 2019-03-02 
  25. Asbjørn Sæbø. Jarle Sanden, red. «Gammalt matstrev og matstell i Måndalen». Romsdalsmuseet Årbok 2006. s. 228. 
  26. «Nøttestekhjelpen», Vegetarbloggen (på engelsk), 2012-12-21, henta 2019-03-02