Ida
Utsjånad



Ida er eit kvinnenamn av germansk opphav. Namnet kjem av id som tyder arbeid. Det er kjend frå gammalhøgtysk Ita og frå gammalsaksisk.
Ida har namnedag i Noreg den 4. september, i Sverige den 14. september.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Bruken av namnet byrja å gå opp rundt 1975 og nådde ein topp mot slutten av 1980-talet, då det blei gjeve til over 2 % nyfødde jenter. I dag heiter 15 390 norske kvinner Ida (2005).
Namnet blei spreidd i den engelsktalande verda gjennom Alfred Tennyson sitt dikt The Princess (1847) som seinare blei gjort om til den komiske operaen Princess Ida (1884) av Gilbert og Sullivan.
Namnet Ida er særleg kjend i Skandinavia etter bøkene, tv-serien og filmane om Emil i Lönneberget frå 1970-talet, der Ida var namnet på veslesøstera til Emil.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ida Brun (1792-1857), dansk songar og dansar
- Ida von Hahn-Hahn (1805–1880), tysk forfattar
- Ida Aalberg (1857–1915), finsk skodespelar
- Ida M. Tarbell (1857-1944), USA-amerikansk forfattar
- Ida B. Wells (1862–1931), afroamerikansk borgarrettsforkjempar
- Ida Kerkovius (1879–1970), tysk målar
- Ida Rubinstein (1885–1960), russisk ballerina
- Ida Noddack (1896–1978), tysk fysikar
- Ida Lupino (1914–1995), engelsk-amerikansk filmskodespelar
- Ida Børresen (f. 1950), norsk samfunnsvitar
- Ida Hjort Kraby (f. 1960), norsk jurist
- Ida Maria Børli Sivertsen (f. 1984), norsk artist
- Ida Alstad (f. 1985), norsk handballspelar
- Ida Jenshus (f. 1987), norsk country-musikar
- Ida Marcussen (f. 1987), norsk friidrettsutøvar
- Ida Njåtun (f. 1991), norsk skøyteløpar
Menn
[endre | endre wikiteksten]- Den angelsaksiske kongen Ida av Bernicia (ca. 547-599)
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]- Fossilet Ida, eit primatfossil av arten Darwinius masillae
- Gudinna Ida i hinduismen
- Idavollen i norrøn gudelære
- Ida på Kreta, eit fjell frå gresk mytologi
- Elva Ida i Slovakia
- Asteroiden 243 Ida
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Ida» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Ida hjå Statistisk Sentralbyrå