Ida Lindtveit Røse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ida Lindtveit Røse

Fødd3. desember 1992 (31 år)
Oppegård
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitisk rådgiver, politikar
MedlemKristeleg Folkepartis Ungdom
Alle verv
  • Norsk barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister (2020–2020) Sjå dette på Wikidata

Ida Lindtveit Røse (fødd 3. desember 1992) er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ida Lindtveit Røse har ein bachelorgrad i europastudiar frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som rådgjevar for Abelia, NHO si foreining for kunnskaps- og teknologiverksemder, og arbeidd som seniorrådgjevar i PR-byrået First House.[1][2]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Røse sat i kommunestyret og var gruppeleiar for KrF i Oppegård kommune frå 2011 til 2019.[3] I 2019 vart ho vald inn som gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken.[4]

Røse var leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom frå 2015 til 2017.

Den 26. mai 2020 vart Røse konstituert som statsråd for Barne- og familiedepartementet medan den opphavlege barne- og familieministeren Kjell Ingolf Ropstad avvikla foreldrepermisjon, frå 1. juni til og med 21. august 2020.[5][6] Røse vart hermed den yngste statsråden i Noreg.

På landsmøtet til KrF den 22. april 2023, vart ho vald til andre nestleiar i partiet.[7]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Røse er gift med John Anders Lindtveit Røse, og saman har dei to born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nøttveit, Andrea Rygg (24. mai 2020), «Ida Lindtveit Røse (27) vert tidenes yngste statsråd», Framtida, henta 22. april 2023 
  2. Fossen, Cato Husabø (23. mai 2020), «Ida Lindtveit Røse (27) frå KrF blir tidenes yngste statsråd: – Køddar du no?», NRK, henta 22. april 2023 
  3. «Kristelig Folkeparti» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 24. oktober 2017. Henta 20. desember 2016. 
  4. Rødland, Solveig. «Partifordeling og gruppeledelse - Viken fylkeskommune» (på norsk bokmål). Henta 23. mai 2020. 
  5. «Ida Lindtveit Røse konstituert til statsråd», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 26. mai 2020, henta 22. april 2023 
  6. NTB. «Ida Lindtveit Røse (27) blir tidenes yngste statsråd i Norge» (på norsk bokmål). Henta 23. mai 2020. 
  7. «Ida Lindtveit Røse (30) inn i KrF-ledelsen - vant stemmeduell». 22. april 2023. Henta 22. april 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ida Lindtveit Røse