Kjell Ingolf Ropstad
Kjell Ingolf Ropstad | |
| |
Fødd | 1. juni 1985 (37 år) Arendal i Aust-Agder |
---|---|
Statsborgar av | ![]() |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | Politikar |
Far | Bjørn Alfred Ropstad |
Verv | Barne- og familieminister 2019– i dag |
Føregangar | Linda Hofstad Helleland |
Verv | leiar i KrF 2019– i dag |
Føregangar | Knut Arild Hareide |
Verv | Stortingsrepresentant 2009– i dag |
Verv | 2. nestleiar i KrF 2017–2019 |
Verv | KrFU-leiar 2007–2010 |
Føregangar | Inger Lise Hansen |
Etterfylgjar | Elisabeth Løland |
Kjell Ingolf Ropstad (fødd 1. juni 1985) er ein norsk politikar, leiar i Kristeleg Folkeparti og barne- og familieminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019.[1] Ropstad er opphavleg frå Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder, men er busett i Oslo. Han er utdanna bachelor i jus og økonomi, vart 2. nestleiar i KrF i 2017[2] og partileiar i 2019. Han var leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) i perioden 2007–2010. I 2009 vart Ropstad vald inn som stortingsrepresentant for Aust-Agder. I 2013–2017 var han andre nestleiar i Justiskomiteen. Frå 2017 til 2019 var han finanspolitisk talsmann for KrF.
Ropstad er den yngste KrF-medlemen som har møtt på Stortinget nokon gong.[3] Det gjorde han som vararepresentant for Åse Gunhild Woie Duesund i 2006, som 20-åring. Han sat også på fylkestinget i Aust-Agder og i kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.
Hausten 2018 var Ropstad pådrivar for at partiet skulle satse på eit regjeringssamarbeid med Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Etter at det var fleirtal for å gå inn i regjering på det ekstraordinære landsmøtet til partiet i november 2018, leidde Ropstad forhandlingane som førte til at Kristeleg Folkeparti gjekk inn i Solberg-regjeringa i januar 2019.
Frå 2019 er Kjell Ingolf Ropstad statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet. Han har teke over ansvaret for tru- og livssynsaker frå Kulturdepartementet, medan ansvar for likestillings- og diskrimineringsspørsmål er ført over til det same departementet.[4] På landsmøtet i april 2019 vart han vald til leiar i KrF.[5]
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2013–2017: medlem i justiskomiteen
- 2012–2013: medlem i energi- og miljøkomiteen
- 2009–2012: medlem i arbeids- og sosialkomiteen
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019.
- ↑ «Hareide, Bollestad og Ropstad valgt». Kristelig Folkeparti (norsk bokmål). Henta 30. april 2017.
- ↑ «Kjell Ingolf Ropstad». Allkunne. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019.
- ↑ «Kjell Ingolf Ropstad». Store norske leksikon. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019.
- ↑ Gilbrant, Jørgen (27. april 2019), «Kjell Ingolf Ropstad ny KrF-leder», Dagbladet.no (på norsk), henta 11. mai 2019
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1985
- Stortingsrepresentantar for Aust-Agder
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Vararepresentantar til Stortinget
- Lokalpolitikarar i Evje og Hornnes
- KrF-politikarar i Aust-Agder
- Folk frå Evje og Hornnes
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- KrF-statsrådar
- Leiarar for Kristeleg Folkeparti
- Leiarar i KrFU