Ida Lorentzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ida Lorentzen

Fødenamn Ida Margrethe Lorentzen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1951 (72 år)
New York by
Yrke kunstmålar
Ida Lorentzen på Commons

Ida Lorentzen (fødd 11. desember 1951) er ein norsk kunstmålar som særleg har gjort seg kjend for måleri av mennesketomme realistisk framstilte interiør prega av fargetonar og lys- og skuggeverknader som appellerer til kjenslene. Ho har dessutan måla fleire portrett, mellom anna av dronning Sonja, og har òg måla eit bilete som syner seremonien då det kongelege paret vart signa i Nidarosdomen i Trondheim 23. juni 1991.

Ida Lorentzen er fødd i New York med amerikansk mor og norsk far. Ho er utdanna hjå Boston University School of Fine Arts i Boston i staten Massachusetts i USA 1970–74, og Statens Kunstakademi i Oslo 1974–79, og debuterte med ei separatutstilling i Galleri Tanum i Oslo i 1979. Frå 1977 har ho og ektemannen, kunstmålaren Ulf Nilsen, budd og arbeidd på Nesøya i Asker kommune. Frå 2002 har Ida Lorentzen dessutan hatt ein permanent tilhaldsstad på Nyfossum, eit herskapshus i nærleiken av Åmot på Modum som i si tid var bustaden til Friedrich Roscher, Blaafarveværkets hytteinspektør (verksdirektør), no eit museum. Hennar pastellar pryder stovene i denne prektige bygningen i empirestil.

Ida Lorentzen er innkjøpt av Nasjonalgalleriet i Oslo, Norsk kulturråd og Oslo kommunes kunstsamlinger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]